3 millioner til smak av sjømat

Nærings- og fiskeridepartementet gir om lag 3 millionar kroner for å auke sjømatgleda. 14 aktørar får til saman 2.980.000 kroner til prosjekt som skal gi barn og unge smaken på sjømat. – Sjømat er både godt og sunt. Likevel et vi for lite av det i Noreg. Særleg barn og unge et for lite sjømat. Det ønsker regjeringa å gjere noko med, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK