Hopp til innhold

Over 1500 personar mista mobildekninga etter vegarbeidblemme

Ein skadd fiberkabel i Mo i Rana førte i dag til at vel 1500 menneskje blei utan telefondekning.

Rundkøyring som vert bygd i Mo i Rana

Det var i Mo i Rana ulukka skjedde, då ein fiberkabel vart broten under vegarbeid.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

  • Siste: Feilen er retta og kundane skal ha fått tilbake dekninga.

– Det er fort 1500 personar, minst, som vert ramma av dette, seier Magnus Line, kommunikasjonsansvarleg hjå Telenor.

Tysdag ettermiddag vart ein fiberkabel i Mo i Rana skadd av ei gravemaskin under graving ved ei rundkøyring. Grunna dette ligg fleire mobilmaster og telekommunikasjonen til sjukehuset i Mo i Rana nede.

– Det viktigaste for oss er å kome oss ut og få retta feilen so raskt som mogleg, seier Line.

Dei som er utan telefondekning kan då altso ikkje nå naudetatar som brann, politi eller ambulanse.

– Dei må då prøve å kome seg til eit område med dekning, få hjelp av naboen eller på anna vis få kontakt med naudetatane, seier Line.

Runkøyring Mo i Rana

I denne rundkøyringa i Mo i Rana skal ein gravemaskin ha broten av fiberkabelen til Telenor.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Vil vere i orden i kveld

Telenor seier dei reknar med å ha fiksa problemet innan klokka sju tysdag kveld.

– Likevel må vi ta omsyn til at dette kan vere meir komplisert enn vi trur, legg Line til.

Magnus Line

Magnus Line hjå Telenor meiner problemet vil vere løyst tysdag kveld.

Foto: Martin Fjellanger/Telenor

Nokre stadar i dei råka område er det likevel dekning, ettersom ikkje alle mobiltårn er påverka av denne eine fiberkabelen.

– Kunne dette vore unngått?

– Dette skjedde jo under bygginga av ei rundkøyring, so det er vanskeleg å sei om dette kunne vore forhindra, seier Line.