Hopp til innhold

Livsfarleg sykkelsabotasje ved skule

Å løyse bremser og hjul på syklar kan vere ein livsfarleg aktivitet. No åtvarar assisterande rektor Anne Marie Sørensen på Leknes skule foreleldre, føresette og elevar om ei ny runde med sabotasje.

Det melder avisa Lofotposten.

– I anledning at sykkelsesongen er i gang, har vi ved skulen fått tilbakemelding om at nokon har vore og gjort hærverk på syklar til nokre elevar. På den eine sykkelen var bremsen øydelagd og på den andre sykkelen var hjulet løyst.

Sørensen oppfordrar foreldre og føresette til å snakke med barna om kor farleg dette er.

Politistasjonssjef Ketil Utne Finstad-Steira påpeikar at slik aktivitet er livsfargleg.

Steira oppfordrar skulane til å melde frå til politiet når dei blir klar over at det skjer sykkelsabotasje, slik at det kan bli loggført.

Han ber også foreldre og føresette om å sjå over sykkelen til barne, og vere sikre på at alt er skrudd til slik det skal.

Fatbike i Øyfjell
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK