Hopp til innhold

Amathea må stenge kontor i Bodø

Den landsdekkande helsetenesta Amathea må stenge seks av ti kontor. Eitt av kontora som må stenge ligg i Bodø.

Tenesta er offentleg finansiert gjennom tilskotsordninga «Stiftelsen Amathea» over statsbudsjettet med Helsedirektoratet som forvaltar.

Ifølgje stiftinga skjer dette som ein konsekvens av kuttet i løyvingane over statsbudsjettet på 6 millionar kroner i inneverande år.

– Konsekvensen vil vere at færre kvinner og par som treng oppfølging før og etter abort har eit kontor i nærleiken som dei kan komme til, seier dagleg leiar Andrea Skaarer Kreutz.

Kuttet utgjer 25 prosent av Amatheas budsjett. Styret tok avgjerda i eit ekstraordinært styremøte 25. januar for å sikre forsvarleg og berekraftig drift framover, skriv stiftinga i ei pressemelding.