Hopp til innhold

Senterpartiet lovar næringa at lakseskatten blir endra: – Alt for tidleg å seie noko

Regjeringa jobbar no med den endelege utforminga av grunnrenteskatten.

Geir Pollestad i Senterpartiet seier til Dagbladet at ein kan vente store endringar samanlikna med det første forslaget.

– Det er heilt sikkert, seier han til avisa.

– Det som må vere klinkande klart er at det er den reelle prisen som skal gjelde, slår han fast.

NRK har spurt fiskeriminister Bjørnar Skjæran i Arbeidarpartiet om endringane.

– Kva endringar kan vi forvente?

– Vi har kommunisert regjeringa sitt utgangspunkt heile vegen. Vi har sagt noko om grad av størrelse 3,65-3,8 milliardar, at dette er ein skatt der vi skal ha eit botnfrådrag som gjer at dei minste aktørane blir unntatt frå det.

Vidare fortel han om kva regjeringa tidlegare har sagt, og at det heile tida har vore regjeringa sitt utgangspunkt at kommunesektoren skal ha halvparten av inntektene. Eit viktig poeng er også at vertkommunane skal kome betre ut.

Han legg til at dei har hatt ei innretting på høyring og at dei går gjennom høyringsinnspela før dei lagar den innretninga som går til Stortinget.

– Kan du seie meir om korleis den kjem til å sjå ut?

– Nei, det er alt for tidleg å seie. No er det finansdepartementet som eig denne høyringa og der går dei no gjennom høyringsinnspela. Det gjer vi også i Nærings- og fiskeridepartementet, fordi havbruksnæringa er ei næring vi har ansvar for.

– Så skal vi jobbe oss gjennom det, og den endelege innretninga vil bli kjent når regjeringa har den klar for å gå til Stortinget med den.

– Oppdrettsnæringa har hevda at skatteinntektene vil bli mykje høgare enn 3,8 milliardar, dersom skatten blir sett til 40 prosent. Vil regjeringa skru ned skattesatsen dersom det viser seg å stemme?

– Vi har sagt kva slags utgangspunkt vi når det gjeld kva slags storleik dette er snakk om. No går vi gjennom høyringsinnspela så vil vi lage ferdig den endelege innretninga som vi går til Stortinget med.

– Korleis vil du beskrive dialogen med næringa?

– Der har vore tydeleg tale, men vi har også hatt gode diskusjonar og eg har fått godt innsyn gjennom dei møta på korleis næringa ser på dette skattegrepet, seier Skjæran.

– Eg merkar no at veldig mange er spente på korleis innretninga vil bli, det synest eg ikkje er det minste rart i ei sak som er så viktig for så mange, legg han til.

– Kva tid kan ein forvente å vite meir?

– Vi har ikkje noko ønske om å hale ut denne prosessen. Mange snakkar om ein usikkerheit som ligg der til saka er avklart. Målsettinga vår er å gå til Stortinget i vår og få saka avklart der.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) legger frem statsbudsjettet for Nordland i Bodø.
Foto: Malin Nygård Solberg / NRK