Hopp til innhold

Jublar etter møte om statsstøtte: – Betyr mykje for bedrifter i Nord-Noreg

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet har nyleg hatt møte med EU og ESA i Brussel for å diskutere statsstøtte til bedrifter.

Rundt 150 bedrifter i distrikts-Noreg har fått skattekrav som kan kvelve dei over ende. Mange av desse ligg i Nord-Noreg, men også i Innlandet.

Bedriftene det gjeld har vore under ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Det betyr arbeidsgivaravgift med lågare sats enn standardsatsen på 14,1 prosent.

EU sitt regelverk som Noreg har implementert seier at viss ei bedrift mistar eller brukar 50 prosent av eigenkapitalen sin, så kjem ho til å gå konkurs. Då har ikkje bedriftene lov til å få statsstøtte.

No må skatteetaten sjå på dette på nytt etter den nye forståinga av regelverket.

I ei pressemelding seier finansministeren at ESA, som overvaker EØS-avtalen, støttar Noreg sitt forslag til løysing.

Det inneber at fleire skattesaker skal bli gjennomgått på nytt, med omsyn til korleis ein i Noreg fører rekneskap og formuesverdiar.

– Dette er gode nyheiter for mange norske bedrifter. Noreg har fått gjennomslag for vårt forslag til løysing etter ein god dialog med ESA. Eg meiner reglane i dag har hatt klare uheldige utslag, seier finansministeren.

No sender finansministeren brev til Skatteetaten og ber om at sakene blir behandla på nytt.

– Det utgjer veldig stor forskjell for ei bedrift i Nordland om dei må betale 5,1 prosent, som dei aller fleste bedriftene gjer, eller om dei må betale 14,1 prosent.

Det seier Siv Mossleth, stortingsrepresentant frå Nordland i Senterpartiet.

Ho forklarar at sjølv om du har økonomiske vanskar, eller sjølv om du har vore nøydd til å bruke av eigenkapitalen, så har du moglegheit til å likevel betale den vanlege arbeidsgivaravgifta som bedrifter i Nordland betalar på 5,1 prosent. Du slepper å betale 14,1 prosent.

Med denne endringa så vil bedrifter som har fått skattekrav for arbeidsgivaravgift få sletta dei noverande varsla om ekstra innbetaling, ifølge Mossleth.

– Eg føler meg klar til å riste champagneflaska før eg spretter den.

For Bleikvassli gruber i Nordland, som har slite seg gjennom ei vanskeleg tid, betyr det ti millionar.

– Spesielt Bleikvassli gruber trekker eit letta sukk. Det er godt. Mange har vore bekymra for livsverket.

Det seier Gøran Kimsås, distriktssjef i maskinentreprenøranes Forbund (MEF).

– Dette betyr mykje for bedriftene våre i Nord-Noreg. Vi har fleire medlem i Nord-Noreg som har nytt gått av lågare arbeidsgivaravgift i mange år, og som har vore bekymra etter at Skatteetaten la om praksisen ei stund tilbake. Dette er jo ein ESA-regel frå 2014.

– Det er ein stor seier for oss, vi har verkeleg fått gjennom ei tikkande bombe.

Siv Mossleth, Sp
Foto: Helge Lyngmoe / NRK