Hopp til innhold

Planlegg 11 millionar kroner på å flytte ambulansebåt

Elleve millionar kroner og ein leigeavtale på opptil 20 år ligg på bordet når Helgelandssjukehuset søker etter stasjon til personalet på ambulansebåten, skriv Brønnøysunds Avis.

Fredag blei anbudet lyst ut på Doffin, databasen for offentlege innkjøp.

Helgelandssjukehuset har tidlegare bestemt seg for å flytte ambulansebåten på Sør-Helgeland frå Vega til Tjøtta.

Det er dermed behov for ein stasjon til å hyuse dei tilsette når dei ikkje er ute på oppdrag. Det kjem fram i utlysinga at sjukehuset primært ønsker å leige lokale, og at det ikkje er føremålstenleg å bygge i eigen regi.

Sjukehuset lanserer to alternative løysingar: Anten ombygging og tilpassing av eksisterande bygg, eller at ein ekstern leverandør set opp eit nybygg.

Både offentlege og private instansar kan lever bod. Fristen for å delta i konkurransen er sett til 2. mars.

Ambulansebåten på Sør-Helgeland. Tatt fra Horn fergeleie
Foto: G.E.Nordberg