Hopp til innhold

Mange søkarar til Batterifagskulen

116 personar har søkt opptak til dei 60 plassane som er tilbydde. Det skriv Fagskulen i Viken.

Batterifagskulen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fagskulen i Nordland og fagskulane i Rogaland, Vestland, Innlandet og Viken.

– I ein arbeidsmarknad som for tida har høgt press og låg arbeidsløyse var det knytt ekstra spenning til søkartala, seier rektor Eirik Hågensen ved Fagskulen i Viken.

Første fysiske samling for studentane med offisiell opning av studiet er planlaget i Mo i Rana i veke 3.

– Det er svært gledeleg at mange vil vere med på denne utviklinga, seier Hågensen.

Søkarane er godt spreidde frå heile landet, når det gjeld både alder og bustad.

Det jobbes på spreng for å omdanne lagerhallene nede på Mo Industriterminal til batterifabrikk.
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK