Hopp til innhold

Hurtigruteskipet «Richard With» har grunnstøytt

Fredag morgon har hurtigruteskipet «Richard With» grunnstøytt i Ytre Steinsund i Sogn, melder TV2.

Skipet hadde ingen passasjerar om bord.

– Ingen er skadd, og det er ikkje rapportert om at skipet tar inn vatn, opplyste Anja Bakken i Hovedredningssentralen (HRS) til NRK tidlegare i dag. Hun fortalde at skipet ligg stabilt.

Årsaka til at MS «Richard With» grunnstøytte var ein teknisk systemfeil som førde til at skipet mista styring.

– Det er klart det er alvorleg når eit stort skip grunnstøyter. Vi undersøker situasjonen og skal ivareta den så godt vi kan, seier Bakke.

Hurtigruteskipet var på veg til Bergen etter eit opphold på Myklebust Verft på Gurskøy på Sunnmøre. Om bord var eit mannskap på 53, i tillegg til 14 personar som gjorde etterarbeid frå verftsopphaldet.

Hurtigruta Richard With
Foto: Linda Bjørgan / NRK