Hopp til innhold

Batterifabrikkane kjem fort – men det gjer ikkje norske ingeniørar

Noregs første batterifabrikk i Mo i Rana vil sikre rundt 600 årsverk, men mangelen på ingeniørkompetanse innanlands er høg.

Illustrasjon av Freyrs batterifabrikk

Illustrasjon av Freyrs batterifabrikk. Nyleg blei det klart at staten garanterer fire milliardar kroner for å realisere planane om ein gigafabrikk i Mo i Rana. Men nokre er bekymra for kven som eigentleg skal jobbe på desse gigantiske fabrikkane.

Illustrasjon: Freyr

– For oss blir det eit hjartesukk. No treng vi ikkje fleire meldingar, men handlingar.

Det seier Hanne Marit Henriksen, utdanna ingeniør og hovudstyremedlem i NITO.

– Det er bra med ein offensiv batteristrategi. Men for at vi skal lukkast, må vi ha tilgang på rett og nok kompetanse. Vi har rett og slett ikkje det vi treng her, og det er veldig trist, seier Henriksen.

Det er nemleg landsdekkande mangel på ingeniørar.

Dei er sårt trungne i batterisatsinga, som nokre meiner kan avløyse inntektene frå olje og gass.

Kompetansemangel: – Det hastar

Onsdag kom regjeringa med Noregs første batteristrategi.

Det skjedde på Mo industripark, ikkje langt unna det privateigde selskapet Freyr Battery sin pilotfabrikk.

Fleire batterifabrikkar skal kome, og behovet for kompetente ingeniørar er stort.

Det er åtte år sidan arbeidsgivarar i Noreg har opplevd så store vanskar med å få tak i ingeniørkompetanse som i dag.

Aller størst er mangelen i Nordland.

Føremålet med regjeringa sin tipunktsplan er å legge til rette for at Noreg blir ein leiande produsent og utvikle det som blir kalla ein lønnsam batteriverdikjede.

Hanne Marit Henriksen

Hanne Marit Henriksen, hovudstyremedlem i NITO.

Under ein pressekonferanse på Mo formidla næringsministeren nyleg at dei vil kome med ei stortingsmelding om kompetanseheving i løpet av 2023.

– Det er vi veldig glade for, men vi har mykje kunnskap allereie. Vi veit at vi må ha folka som kan teknologien. Fabrikkane kjem fort og det hastar at noko skjer no, seier Henriksen.

Ho tenker spesielt på behovet for etter- og vidareutdanning som skal sikre at dei som allereie er i jobb ikkje blir utdaterte.

Ministeren samd med NITO

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at målet no er å sørge for tilstrekkeleg fornybar energi, sånn at karbonavtrykket i Noreg blir så lite som mogleg.

– Vi gir støtte til forsking og utvikling, så er det selskapa sjølve som skal leie an, og som har store ambisjonar om å vere grøne sjølv. Det heiar vi på, og vi skal bidra så godt vi kan for at dette skal skje.

– Kva tenker du om NITO sine bekymringar om kompetanse?

– Noreg har verdas beste ingeniørar og fagarbeidarar, og mange av dei er godt i gang i dei grøne industriane, deriblant batteriverdikjeden. Så er eg helt samd med NITO, om at det hastar å utdanne fleire. Derfor er regjeringa i gang med å utvide utdanningstilbodet ikkje minst i distrikta, der desse jobbane skapast.

Jan Christian Vestre, næringsminister, på besøk hos Kimek

Jan Christian Vestre, næringsminister for Arbeidarpartiet.

Foto: Karen Gjetrang / NRK

Vestre seier at dei, i tillegg til å styrke fagskulane, skal gjere det lettare å bygge vidare på realkompetanse.

Det jobbast også med ei reform som skal bidra til dette arbeidet, seier han.

– Men må kompetansen hentast utanfrå, eller kan vi skape alt her i Noreg?

– Akkurat som då vi skapte olje- og gasseventyret på 70-talet, er vi avhengige av litt hjelp frå utsida. Men i batteristrategien slår regjeringa heilt klart fast at målet er å lage ein eigen spisskompetanse på batteri i Noreg.

Det skal dei ifølge Vestre gjere ved å samarbeide tett med industrien og lærestadene.

– Blant anna med fagskulane, kor det alt er etablert ein batterifagskule. Vi ser at fleire vidaregåande skular også opprettar eigne utdanningstilbod. Vi meiner Noreg fint kan bygge denne kompetansen sjølv.

Rundt 600 årsverk på sikt

Batterifabrikken Giga Arctic skal etter planen køyre i gang produksjonen i første halvdel av 2024.

Fabrikksjef for Freyr i Mo i Rana, Thomas Bergan, fortel at den store rekrutteringa er planlagt til 2023.

– Vi går ikkje direkte på kandidatane heilt enno, men vi markedsfører i dei rette kanalane mot viktige målgrupper og har dialogar.

På sikt vil det vere rundt 600 årsverk til fabrikken. I tillegg kjem tilsette i pilotfabrikken og testsenter, og stab.

Fabrikksjef for Freyr i Mo i Rana, Thomas Bergan

Fabrikksjef for Freyr i Mo i Rana, Thomas Bergan.

Foto: Pressefoto

Mange nasjonalitetar

Freyr sjølv planlegg å hente kompetanse både innanlands og utanlands.

På Mo er det allereie batterispesialistar frå Japan, Kina, Storbritannia og Tyskland. Men også frå teknisk industri i Noreg, i tillegg til NTNU og andre universitet.

– Vi treng gode ingeniørar og har allereie tilsett mange dyktige folk på pilotfabrikken, prosjektavdelinga og driftsavdelinga her på Mo, seier Bergan.