Hopp til innhold

Historisk låge innslag av rømt oppdrettsfisk

Sidan Oppdrettsnæringa si samanslutnad for utfisking av rømt oppdrettslaks (OURO) sin oppstart i 2015 har dei ikkje registrert så låge innslag av rømt oppdrettslaks i elvane som i fjor.

Låge rømmingstal og uttak av rømt fisk frå vassdrag før gyting, er med på å redusere påverknaden frå rømt oppdrettslaks på villaksen sin genetikk.

– OURO har fått resultata frå uttak av rømt oppdrettsfisk i elv og sjø for hausten 2021. Vi er nøgde med utviklinga, seier Ingrid Lundamo, styreleiar i OURO.

Gjennom målretta tiltak over fleire år, er innslaget av rømt oppdrettslaks i laksevassdrag over heile landet redusert.

Den langsiktige trenden på innrapporterte rømmingstal er synkande. Det betyr at tiltaka som næringa har sett i gang fungerer.

I Det nasjonale overvakingsprogrammet for rømt opprettsfisk for 2020, blei det kartlagt innslag av rømt oppdrettslaks i 218 vassdrag. Av desse valte OURO ut 31 elvar for utfisking. Det er tatt ut rømt oppdrettslaks i 22 av desse elvane.

– Det ligg i OURO sitt mandat å ta ut rømt fisk i lakseførande vassdrag. Vi har også i 2021 brukt betydelege ressursar på utfiskingstiltak, seier Lundamo.

Rømt oppdrettslaks på Hemnesberget
Foto: Andreas Drage