Stor streikefare ved Bodø lufthamn
Flytrafikken til og frå Bodø vert lamma måndag morgon, om LO Stat og Spekter ikkje klarar å kome til einigheit om tilsette ved brann og redning før natt til laurdag. Bemanninga ved flyplassen er so skral at om nokon vert sjuke er dei ikkje mange nok til å fylle vaktene.