Hopp til innhold

Knivstikking i Mo sentrum

Ein mann i 30-åra er arrestert og sikta etter ei knivstikking i Mo laurdag kveld, skriv Rana Blad. Politiet fekk melding om hendinga kring kl. 20:00 og rykka ut, skriv avisa. Den andre mannen skal også vere i 30-åra, men blei ikkje alvorleg skadd. Han skal sjølv ha oppsøkt lege for nærare undersøkingar i dag.