Hopp til innhold

Leiteaksjon i Vefsn

Ei kvinne i 40-åra har vore sakna sidan tysdag kveld. Kvinna bur på Sandvik folkehøgskule nord for Mosjøen, ifølgje Politiet. Dei søkjer i nærleiken av skulen med hundepatruljar og Røde Kors.

– Me har ikkje mistanke om at noko kriminelt har gått føre seg, seier Fred Leirvik, operasjonsleiar hjå Politiet.