Hopp til innhold

Stort jordras over fylkesveg

Eit 150 meter breitt jordras har gått over gamle fylkesveg 78 ved Toventunellen mellom Vefsn og Leirfjord. Raset er over tre meter djupt, og hindrar all ferdsel på vegen.

Det er berre fritidsbustadar som er avhengige av vegen, og alle desse var tomme, fortel Helgeland Politi.

Det rasar framleis stein, så politiet får ikkje kalla ut mannskap i kveld. Måndag morgon skal geologar vurdere området.

– Det er altfor farleg å reise inn i området, fortel operasjonssentralen.