Hopp til innhold

Mann i Bodø forsvunnen

Ein 34-åring frå Bodø er meldt sakna av politiet. Han var på skitur, og hadde på seg raud luve, blå jakke og svart bukse. Mannen vart sist sett i Bamseveien. Mannskap frå Røde Kors og politiet har no sett i gong leiting. Politiet ber om tips i saka.