Hopp til innhold

-Vil utvikle satsinga i Nord- Noreg

Blå Kors kontaktar kommunar i Nord-Noreg for å få til eit samarbeid.

TV-aksjonen 2008

Blå Kors ynskjer å auke satsinga i Nord-Noreg etter tv-aksjonen.

- Me har vore i dialog med ei rekkje større kommunar i Nord-Noreg for å få til eit samarbeid, men det har ikkje ført til noko konkret. Me kjem til å trappe opp dette arbeidet etter tv-aksjonen, seier regionleiar i Midt- og Nord-Noreg, Jan Elverum.

I dag har ikkje Blå Kors eit kommunalt tilbod i dei tre nordlegaste fylka.

Nesten over heile landet

Blå Kors jobbar idag i 12 fylke, og har i tillegg førebyggjande og haldningsskapande arbeid.

Over 900 menneske jobbar til dagleg i Blå Kors.

Oppgåvene til Blå Kors er å etablere og videreutvikle ei rekkje ulike tiltak for menneske med rusrelaterte problem, mellom anna rehabiliteringstiltak, oppfølgjingstiltak, bu- og omsorgstiltak, trenings- og attføringstiltak, avrusingstiltak, krisesenter og vidaregåande skular.

Blå Kors er etablert i Vest-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Østfold, Akershus, Oslo, Oppland, Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Organisasjonen har cirka 2.500 medlemmar.

Ynskjer å etablere seg i Nord-Noreg

Dersom dei etablerer seg i Nord- Noreg ynskjer Blå Kors mellom anna å etablere butilbod for rus-misbrukarar.

- Me ynskjer å gi eit tilbod som både skaffar rus- misbrukarar ein plass å bu, men som også følgjer dei opp, seier regionleiar i Midt- og Nord-Noreg, Jan Elverum.

Elverum seier dei ynskjer å nytte ein del av pengane frå innsamlingsaksjonen til yngre rus-misbrukarar og deira vanskar.

- Dette er eitt av dei store satsingsområda til regjeringa, og me ynskjer å bruke ein del av pengane til å lukkast betre overfor denne gruppa, seier Elverum.

Barnasstasjon

Elverum seier dei kunne tenkje seg å etablere barnasstasjon i Nord- Noreg. Barnasstasjon er eit tilbod dei allereie har i mellom anna Trondheim og Fredrikstad.

- Det er eit tilbod til familiar som har vore utsette for rus-relaterte vanskar, der borna har ekstra behov for støtte, seier han.

Elverum seier at dei er avhengige av å få støtte frå kommunane der dei vil etablere seg.

- Pengar frå tv-aksjonen rekk eit stykke på veg, men kommunen må inn å delfinansiere stasjonen, seier Elverum.

Han seier dei kjem til å invitere større kommunar til dialog om ein barnasstasjon i Nord- Noreg.

- I utgangspunktet er det dei større byane som er aktuelle, fordi det er eit større behov der, seier Elverum.

Takksame for kvar ei krone

Blå Kors er takksame for kvar ei krone dei får inn.

- Me veit jo kva dei fekk inn i fjor, men me er nøgde med kvar ei krone som kjem inn under aksjonen, seier Elverum.

Halvparten av pengane skal gå til prosjekt i utlandet, men det kjem også til å gagne arbeidet innanlands.

- Det vil gi oss eit veldig godt utgangspunkt for å etablere gode tenester for sårbare familiar, særskilt born som er eksponert for rus-problem frå vaksne, seier Elverum.