NRK Meny
Normal

- Må få meir pengar

Politiet og andre statlege etatar må få meir pengar til å ta seg av nye oppgåver med nye asylmottak landet over.

Det krev fleire representantar på Stortinget.

Militærleiren i Skarsteindalen på Andøya

Om det største asylmottak i landet vert etablert i Skarsteinsdalen i Andøy vil næraste politistasjon til der vere opptil 15 mil unna.

Foto: NRK

Om det største asylmottak i landet vert etablert i Skarsteinsdalen i Andøy vil næraste politistasjon til der vere opptil 15 mil unna.

Difor er det særleg viktig at politiet vert styrka, seier medlem av justiskomiteen på Stortinget Elisabeth Aspaker(H).

Førebyggje situasjonar

- Me treng ein politimessig beredskap som gjer at me kan førebyggje situasjonar som i Østfold, seier Aspaker.

Aspaker tenkjer på åtaket på asylmottaket i Våler i helga. Mottaket i Våler er sentralt plassert på Østlandet, men likevel var ikkje politiet i stand til å skydde mottaket. Dersom mottaket i Skarsteindalen vert realisert gjer vaktsamarbeidsordninga til politiet i Vesterålen at næraste politistyresmakter av og til er i Lødingen, 15 mil unna.

I Andøy kommune er det ikkje nok politifolk til å dekke opp ein 24-timars turnus.

Meir folk og pengar

Stortingsrepresentant Per Willy Amundsen (FrP) meinar politiet i Midtre- Hålogaland politidistrikt må få meir pengar og folk for å takle dei nye utfordringane.

- Det meinar eg absolutt. Det kan i nokre samanhengar opplevast som ei ekstra utfordring for politiet å ha eit asylmottak i sitt område. Det kan bety ekstra ressurs-bruk, og då er det oppgåva til staten å skaffe dei pengane, seier Amundsen i Framstegspartiet.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.