Hopp til innhold

- Ein konsert eg vil hugse for alltid

Det sa Fauskeartisten Christel Alsos etter å ha spela for nærare 1000 tilskodarar på Nyholmens Skandse i Bodø i natt.

Christel Alsos held konsert på Nyholmens Skandse
Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Og den unge Fauskejenta tykkjer det var uverkeleg å i det heile tatt verte spurd om å spele under Nordland Musikkfestveke.

- Eg har vore særs spent på førehand. Musikkfestveka er ein institusjon og for meg var det uverkeleg å verte spurd. Og så vart eg skikkeleg glad då eg såg alle som hadde teke turen og for det strålande veret, seier Alsos.

Nærare tusen tilskodarar satt i natt musestille og høyrde på Fauskejenta Christel Alsos synge slik som berre ho kan.

Populær tradisjon

Midnattskonserten på Nyholmens Skandse i Bodø har vorte ein populær tradisjon, og festivalsjef Rolf Cato Raade er stolt over at det i år var ein lokal artist som stod på scena.

- Det er spesielt å få ein Fauskeværing på scena. Ho har ei heilt fantastisk stemme, seier Raade.

Minne for livet

For Christel Alsos vart konserten eit minne for livet.

- Eg kjem til hugse konserten for alltid, seier Alsos.