NRK Meny
Normal

- Vår cupfinale

Bodø/Glimt-trenar Kåre Ingebrigtsen vil avslutte sesongen med stil mot Rosenborg på Lerkendal. Tre poeng kan gi bronsemedaljar til Glimt.

Rosenborg - Bodø/Glimt på Aspmyra

TØFF MOTSTAND: Bodø/Glimt har ikkje slått Rosenborg sidan 1979. Her frå kampen på Aspmyra i juni, som enda 1-1.

Foto: Stangeland, Robin / SCANPIX

- Eg gler meg til kampen. Ein av de største utfordringane du kan få i eliteserien. Vi har satt oss i en sånn posisjon at med tre poeng kan vi gå forbi Rosenborg, og det har vi lyst til.

Det seier Bodø/Glimt-trenaren Kåre Ingebrigtsen. Med tre poeng mot Rosenborg søndag kan Bodø/Glimt ta bronsemedaljar i året eliteserie i fotball.

- Ja, det er tre fire lag som sloss om alt frå tredjeplass til sjetteplass, så vi er veldig nøgde med at vi har kome i den posisjonen. Vi har veldig lyst til å slå Rosenborg no, seier Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen, som sjølv har ei fortid som spelar for Rosenborg, har hatt suksess i Glimt, og er i år nominert til Årets trenar under Fotballgallaen neste onsdag.

Rosenborg-komplekset

Rosenborg er Bodø/Glimt sin marerittmotstandar. Glimt har ikkje slått Rosenborg i serien på 29 år. Sist var i 1979 då Glimt vann 2-1 på Aspmyra stadion. To år tidlegare kom Glimt sin siste siger på Lerkendal, då Bodø/Glimt slo heimelaget Rosenborg 3-1.

Sidan då har Rosenborg slått Glimt 29 gongar. Fire kampar har enda uavgjort, seinast i juni då dei to laga spelte 1-1 på Aspmyra.

Kåre Ingebrigtsen er ikkje uroa over den dystre statistikken.

Kåre Ingebrigtsen

Kåre Ingebrigtsen har hatt suksess med Glimt.

Foto: Bjarne Hagen / NRK

I år har Bodø/Glimt vore plassert over Rosenborg på tabellen nesten heile sesongen. Med ein kamp igjen av sesongen er laga på lik poengsum, men Rosenborg og Viking ligg framfor Glimt med betre målforskjell.

- Vår cupfinale

Bodø/Glimt har dermed sjansen til å setje ein av konkurrentane til bronsemedaljane ut av spel sjølv. Men skal Bodø/Glimt ta medaljar må i tillegg Stabæk slå Tromsø, og Strømsgodset må ta poeng frå Viking. Ingebrigtsen trur kampen mot Rosenborg kan bli årets kamp.

- Det å slå Rosenborg på Lerkendal i en avgjerande kamp det må trigge både trenarar og spelarar, eg kan ikkje skjønne noko anna. Vi gler oss, og reiser til Trondheim med senka skuldrer. Vi snakka før sesongen om at vi ønska å spele 26 cupfinalar. Dette er definitivt ein av våre cupfinalar.

Kan Glimt ta bronse?

- Ja, då vil eg seie vi har vunne den siste cupfinalen i år, og noko vi lyst til å gjere.

Kampen kan du følgje direkte på våre nettsider, eller på NRK P1, søndag frå klokka 18.00.

- Bodø/Glimt har ikkje vunne så mange gongar på Lerkendal, men ein gong må det jo skje. Det er vel lenge sidan laga har vore så nære i kvalitet som det er no.