Hopp til innhold

- Røkke-båtar fiska ulovleg

Tre trålarar frå Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Seafoods skal ha overfiska for 8,8 millionar kroner. Norges Råfisklag varslar ei inndraging på 8,4 millionar frå selskapet.

Fisketråler

Illustrasjonsbilete.

Foto: ARKIV / Scanpix

Dei tre trålarane frå Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Seafoods skal ha fiska ulovleg mykje i 2006.

Det skriv Fiskaren i dag.

Store verdiar

Det er snakk om trålarane "Hekktind", "Stamsund" og "Skaidi" som er eigd av Aker-reiarlaga Nordland Havfiske AS og Finnmark Havfiske AS. Dei skal ha teke inn 960 tonn for mykje fisk i fjor.

Verdien på fisken skal vere rundt 8,8 millioner kroner.

I følgje Norges Råfisklag skal trålarane ha fiska 571 tonn sei og 392 tonn torsk meir enn dei hadde lov til.

Varsla ikkje børsen

Og Råfisklaget har vedteke ei inndraging på 8,4 millioner kroner, utan at Aker Seafoods har varsla børsen om dette.

 - Vi har ikkje funne det naudsynt å informere børsen så lenge vi er i dialog med Fiskeridirektoratet, og så lenge vi meiner vi har ei god sak, forklarar konsernsjef Yngve Myhre i Aker Seafoods til avisa.