Hopp til innhold

- Regjeringa seigpiner Hurtigruten

Ivar Kristiansen (H) vil ha svar frå samferdsleministaren.

Hurtigruta Finnmarken

Hurtigruten treng hjelp før valet, seier Ivar Kristiansen (H).

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

- Det er behov for ei ny avtale no, og dette bør skje før valet, seier stortingsrepresentant Ivar Kristiansen (H).

Han seier at det er stor utryggleik rundt framtida til Hurtigruten.

- Det er stor utryggleik rundt sjølve selskapet. Dei tapar eigenkapital. Den renn ut for kvar dag som går, seier Kristiansen.

Han meinar no at folk bør få eit svar på kva som skal skje med Hurtigruten.

- Eg trur heile Kyst-Noreg og det politiske miljøet hadde venta at regjeringa no hadde kome til Stortinget med ei ny hurtigruteavtale, seier Kristiansen.

Før valet

Han er svært overraska over at regjeringa ikkje har kome med ei ny avtale.

- Eg er overraska. Det hastar veldig. Regjeringa ga SAS 900 millionar når det stod på som verst for dei, og dei hoppar med ein gong NSB treng hjelp, seier Kristiansen.

Han meinar det er ekstra viktig med ei ny avtale denne gongen.

- Selskapet er i ein vanskeleg situasjon. Eg meinar dette burde ha vorte teke før valet, seier Ivar Kristiansen (H).

- Det er på høg tid at stortinget får behandle ei ny hurtigruteavtale, og det kan ikkje vente til etter valet.

Valkamp-utspel

Han avviser at dette er eit reint valkamputspel.

Stortingsrepresentant Ivar Kristiansen, (H), Nordland.

Stortingsrepresentant Ivar Kristiansen (H).

Foto: Knut Falch / Scanpix

- Vi har sett på arbeidet til Landsdelsutvalet over lang tid. Dei har utarbeidd ein rapport om Hurtigruten. heile det politiske miljøet har venta på at eit forslag skal kome på bordet. me kan ikkje la det gå så langt at det er skifteretten som skal avgjere skjebna til selskapet, seier han.

Kristiansen meinar regjeringa seigpiner Hurtigruten.

- Dei bør unngå seigpining. Dei beløpa ein snakkar om er i forhold til det som vart brukt til å hjelpe NSB og jernbaneverket for småpengar å rekne, seier han.