NRK Meny
Normal

- Ikkje ei overrasking

Ordføraren i Meløy er ikkje overraska over at finanskrisa har kome til Glomfjord og REC.

REC, solcellefabrikk Glomfjord

50 tilsette ved REC i Glomfjord vart i går permittert.

Foto: Knut Haarvik / NRK

- Veit ikkje kva framtida gir.

Det seier fabrikksjef ved REC Glomfjord Tor Matre.

Han skildrar marknaden som svært usikker.

- Det er heilt umogleg å seie, slik marknaden er no, seier han.

Solcellefabrikken REC Wafer i Glomfjord kan verte nødt til å permittere fleire enn dei 55 dei varsla i går.

I dag la NAV fram bedriftsundersøkinga for 2009. Undersøkinga viser at bedriftene er pessimistiske. Færre bedrifter trur i år at dei treng fleire tilsette i forhold til i fjor. Og 13% prosent trur dei må seie opp folk i løpet av året.

Men bedriftene ser seg likevel om etter arbeidskraft frå utlandet. Heile 32 prosent seier det er aktuelt med rekruttering frå utlandet.

I NAV-undersøkinga har nærare 1 100 prvate og offentlege bedrifter vorte spurt om sine forventningar. Vel 800 bedrifter har svart.

13% av bedriftene trur dei må seie opp folk.

Setje i verk tiltak

- Me har klart oss veldig godt i finanskrisa, men i det siste så har me merka ei raskare oppbygging av lageret. Difor må me setje i verk tiltak, seier fabrikksjef Tor Matre ved REC i Glomfjord.

Les også: LES OGSÅ: Solenergiselskapet REC permitterer

I går varsla selskapet at 180 personar vert permittert i fire månadar. Rundt 55 av dei permitterte vil vere tilsette frå fabrikken i Glomfjord. Tillitsvalt Rolf Nilsen har full forståing for at permitteringar er nødvendig.

- Slik som marknaden er no må me gjere noko. Me kan ikkje produsere for lageret. det går ikkje i lengda, seier Nilsen.

Dei tilsette skal i dag i møte med leiinga for å verte einige om korleis permitteringskabalen skal løysast.

- Me håpar å få til ei rullering, slik at me får fordelt byrda på flest mogleg, seier Nilsen.

Ordførar uroa

Heller ikkje Meløy-ordførar Arild Kjerpeseth (Ap) er glad for det som no skjer i Glomfjord.

- Dette er viktige arbeidsplassar for Meløy kommune. Rec Wafer er ei hjørnesteinsbedrift og dette er ein situasjon ingen ynskjer, seier han til NRK.