Hopp til innhold

- Fylkesregjeringa bør gå av

Det meinar førsteamanuensis i statsvitenskap ved Høgskulen i Bodø.

Fylkesrådet i Nordland

'BØR GÅ': Fylkesrådsleder Odd Eriksen (Ap), Trud Berg (Ap), John Tørset (Sp) og Geir Ketil Hansen (SV) bør gå av, mener ekspert.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Hans Petter Saxi

Busjettet kan felle fylkesrådet i Nordland, meinar ekspert på parlamentarismen Hans Petter Saxi.

Foto: Tone Gullaksen / NRK

- Budsjettet kan felle fylkesrådet i Nordland, seier ekspert på parlamentarismen og førsteamanuensis Hans Petter Saxi ved Høgskulen i Bodø.

Eige budsjett er noko spesielt

Han meinar fylkesrådet i Nordland bør gå av, dersom dei går på ein budsjettsmell i fylkestinget. Det ville i så fall verte fyrste gong i historia.

I dag la Senterpartiet, som er ein av samarbeidspartia i fylkesrådet i Nordland fram eit eige budsjett og dermed har ein veldig spesiell situasjon oppstått i fylkespolitkken i Norldand. Senterpartiet vil bruke 31 millionar meir til utdanning og samferdsle. Dette samsvarar i stor grad med politikken til opposisjonen i fylkestinget.

Nestor i Senterpartiet i Nordland, Hans Petter Mæland meinar det er nudsynt å ta nokre sjansar.

- Eg meinar at det er viktig å verte samde om dei politiske måla ein har sett seg, sjølv om det vert litt "holloi". Eg er ikkje uroa av det som har skjedd no. Eg meinar det er eit teikn på liv, seier Mæland.

Fire fylker og to byar har innført parlamentarisme på landsbasis. I fjor gjekk mellom anna Senterpartiet i Troms ut av fylkesregjeringa grunna usemje.

Bør gå av

Geir Ketil Hansen og Jon Tørset

Geir Ketil Hansen (SV) og Jon Tørset (Sp) i fylkesrådet i Nordland.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Situasjonen i fylkespoltikken i Nordland er så spesiell at rådet bør gå av.
Det seier ekspert på parlamentarismen, førsteamanuensis Hans Petter Saxi ved Høgskulen i Bodø.

- Det er ikkje spesielt at ei regjering på nasjonalt plan har ein intern opposisjon. Det ser me no eit eksempel på med SV i den noverande regjeringa, men det er spesielt at eit parti som støttar fylkesrådet i Nordland lagar eit eit eige budsjett -innspel, seier Saxi.

Og Saxi er klar i talen om kva fylkesrådet bør gjere, dersom Senterpartiet får fleirtal i fylkestinget.

- Eg meinar dei bør vurdere å trekkje seg, dersom dette forslaget får fleirtal. Dei er ikkje forplikta til å trekkje seg, men dette er den viktigaste saka i fylkespolitikken. Budsjettet er sjølve styringsdokumentet i fylkespolitikken, og dei bør verte einige, seier Saxi.

Dersom fylkesrådet i Nordland vel å gå av vil det vere fyrste gongen i historia.

- Det har ikkje skjedd før. Det har berre vore eitt eller to mistillitsforslag i fylkestinget. Dei forslaga har berre fått støtte frå dei partia som har stilt forslaget, fortel Saxi.

Har heilt rett

Gruppeleiar i Senterpartiet, Ann- Hege Lervåg er heilt einig med Saxi.

- Han har heilt rett, men me i Senterpartiet meinar me har fulgt dei parlamentariske spelereglane. Me skreiv allereie femte november til fylkesrådsleiaren og ga beskjed om at me ikkje kom til å støtte fylkesbudsjettet, seier Lervåg.

Lervåg seier at dei ikkje kan gå på akkord med politikken.

- Eg tykkjer det er alvorleg at rådet kanskje må gå av, men det er politikken som er viktigast her og den kan me ikkje gå på akkord med, seier ho.

Ho understrekar at Senterpartiet har lagt fram dette budsjettet for å få det vedteke i fylkestinget.

- Me vil ha dette budsjettet vedteke, og då er det naturleg å snakke med andre parti, seier Lervåg.

Vil vurdere avgang

Nestleiar i fylkesrådet for SV, Geir-Ketil Hansen seier dei kjem til å diskutere ein eventuell avgang, derosm dei går på ein budsjettsmell i fylkestinget.

- Men fyrst må Senterpartiet bestemme seg for om dei vil vere med å styre Nordland, eller om dei vil vere eit opposisjonsparti. Akkurat no opptrer dei some begge deler. Dei må bestemme seg før fylkestinget, seier Hansen.

Hansen tykkjer ikkje Senterpartiet har fulgt dei parlamentariske spelereglane.

- Parlamentarismen i Nordland fungerer på same måte som på nasjonalt nivå. Det skjer aldri at eit av regjeringspartia fremjar eit alternativt budsjett i storting, seier Hansen.

Ulovleg budsjett

Hansen seier at Senterpartiet skreiv under budsjettforslaget før dei la det fram.

- Det er ikkje riktig det Lervåg seier, meinar Hansen.

Han seier også at forslaget er ulovleg og at dei må låne pengar til drift for å få det til.

- Halvparten av dei påplussingane dei har kome med skal dei finansiere med eit fond som ikkje kan brukast til drift, seier Hansen.