Hopp til innhold

- Eg forventar bråk

I morgon kjem boka til Terra- journalisten Morten Hofstad i Finansavisen.

Terra-forfattar Morten Hofstad i skrivestova

FEKK SKUP-PRISEN: Journalist Morten Hofstad i Finansavisen fekk SKUP-prisen for avsløringa av Terra-skandalen. I morgon kjem boka.

Foto: Privat

Boka har fått tittelen " Eventyret om Terra og de åtte småkommunene som dro til Wall Street for å bli rike".

- Eg tykkjer historia fortener å verte skriven om. Den er heilt unik i norsk offentleg forvaltning. I tillegg har ikkje bakgrunnshistoria kome fram i media, seier Hofstad.

Han kan fortelje at heile to tredjedelar av historia er via til tida før investeringane i den amerikanske boligmarknaden var eit faktum.

- Eg ville formidle korleis dette kunne skje, seier Hofstad.

Morten Hofstad som kjem i frå Søvik utanfor Sandnessjøen har hatt eit travelt program denne vinteren. Han var journalisten som grov fram Terra- skandalen, og for det fekk han den gjevaste journalistprisen i Noreg, SKUP.

Unikt

Hofstad seier det er to sider som gjer historia sensasjonell.

- For det fyrste er snakk om enorme summar. Ei knippe distriktskommunar har rota bort nærare ein milliard kroner, og enkelte av dei har tapt meir pengar enn dei budsjetterer med til drift eit heilt år.

- For det andre er det spektakulært at lånehaiane i USA har klart å ende opp i norske distriktskommunar. Historia har gått verda rundt igjennom vinteren, seier han.

Han tykte det var viktig å finne ut kva som skjedde bak dei aktuelle hendingane.

- Eg spør rett og slett om korleis var dette mogleg?, seier Hofstad.

Han fortel at han har nytta mesteparten av boka på nettopp dette spørsmålet.

- Eg har gått kvar enkelt kommune i saumane. Eg måtte gå tilbake i historia for å finne ut korleis dette kunne skje. Eg måtte snøre trådane saman og finne byrjinga. Kvifor var desse kommunane viljuge til å ta på seg så stor risiko, og korleis utvikla dette seg, spør han.

Hofstad understrekar at boka også er skriven til innbyggjarane i dei åtte Terra-kommunane.

- Eg meinar dei fortener å få vite kva som har skjedd, og kva som foregjekk i desse kommunane. Nordlands-kommunane unnlot å fortelje veljarane i kommunevalet at skaden allereie hadde skjedd, seier han.

Kvar er alle heltane?

Hofstad har snøra saman historia heilt tilbake til år 2000 i enkelte kommunar, og han har ikkje funne mange heltar.

- Dette er ingen heltehistorie. I den grad det er heltar i denne historia er fins det eit par tre kommunerevisorar som har stilt kritiske spørsmål. Til eksempel Aksel Sivertsen i Indre Helgeland kommunerevisjon i Mosjøen. Han peika på risikoen, og ga beskjed til Hattfjelldal, Rana og Hemnes. Han skreiv og så brev til departementet og fekk eit kryptisk svar tilbake, seier Hofstad.

Han har nytta saksdokument, rapportar og intervjua dei involverte i samband med bok-utgjevinga.

Forventar bråk

Hofstad forventar sure miner og forbanning.

- Eg trur mange kjem til å verte sure rundt om i kommunane. Etterspelet handlar om kampen om historia. Alle vil definere kva som skal stå der, og kva dei skal verte hugsa for. Det har vorte starta verdskrigar over historieskriving, så det forventar eg, seier han.

Han har allereie fått dei fyrste reaksjonane etter ein artikkel i Dagbladet laurdag.

- Folk har vorte sure. Folk hugsar ulikt, og har ulik agenda, seier Hofstad.

Kjem ikkje til å verte feit av salet

Morten Hofstad har ingen forventningar til boksalet, og kjem til å vere nøgd med alt over 1000 selte bøker.

- Dokumentarbøker sel tradisjonelt sett dårleg, så eg forventar ikkje å verte feit eller rik, ler Hofstad.