Hopp til innhold

- Bør beklage ferjekaoset

Regionvegsjefen bør beklage fergekaoset i Nordland. Det meinar fungerande ordførar i Hamarøy Liv Lund -Skarvik.

Ferge MS "Bodø" ved kai i Moskenes

Regionvegsjefen bør beklage fergekaoset i Nordland. Det meinar fungerande ordførar i Hamarøy Liv Lund -Skarvik.

Foto: Malvin Eriksen / NRK

Innstilte ferjer og timelange køar har skapt problem for sommartrafikken i år, og Lund- Skarvik meinar problema kunne ha vore unngått.

- Me laga ein rapport i 2006 som tok opp vanskane som kunne oppstå, dersom Skutvik-sambandet vart lagt ned. Me peika mellom anna på at dersom ein skulle erstatte ferje-trafikken her, så måtte ein setje inn seks ferjer mellom Bodø og Moskenes, seier Lund-Skarvik.

Ferjekaos

Ferja mellom Bodø og Moskenes har vore innstilt fleire gongar i sommar, men folk på ferjeleiet tek det med godt humør.

- Når ein må vente i ti timar treng ein mykje diesel og ein termos med kaffe, humrar nokre av dei som ventar på ferja.

Etter at Lofoten fekk fastlandssamband vart ferje- avgangane til Skutvik frå Svolvær redusert til ein gong om dagen, samstundes som ein sette opp fleire avgangar mellom Bognes og Lødingen.

Før sommarferien sa Samferdsleministar Liv Signe Navarsete dette om ferjesituasjonen i Nordland.

- Me har brukt store midlar for å få eit fastlandssamband til Lofoten. Når dette vart avgjort vart det klart at dette vuille få konsekvensar for ferjetilbodet til og frå Lofoten. det er dei konsekvensane ein no ser, Navarsete.

Lett å vere etterpåklok

Geir Solheim i NHO Reiseliv åtvara mot at turistane ville lide, dersom ein kutta i rutene.

- Dette er ikkje god reklame for reiselivet i Nordland. Det må pengar på bordet, men samstundes er det ikkje tvil om at pengane vert betalt tilbake. Her står folk i kø med pengeboka open, sa han den gong.

Marknadsføring

Fungerande ordførar Liv Lund-Skarvik i Hamarøy er også uroa for reiselivet.

MS/Vågan

Skutvik-ferja går berre ein gong i døgeret.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

- Ein har drive aktiv marknadsføring av Hamarøy og Nordland i utlandet. Me har venta oss ei auke i turist-trafikken, og det er klart at turisme og god indrastruktur høyrer saman, seier Lund-Skarvik.

- Bør Beklage

Ho seier at dette er noko som har lege i korta, og at Regionvegsjefen bør beklage.

- Dette har alle visst om, og no bør Naimak unnskylde situasjonen, seier ho.

Regionvegsjef i Statens Vegvesen Region Nord, Torbjørn Naimak, seier at dette ikkje er noko nytt.

- Det høyrest ut som om me ikkje har hatt desse vanskane før. Det er bra at me har eit reiseliv og ein ferjetrafikk som går godt, men om ein ser på sambandet mellom til eksempel Bodø og Moskenes så vert trafikken i juli-månad tidobla sett i forhold til trafikken i ein gjennomsnittsmånad. På dei andre sambanda vert trafikken femdobla, seier Naimak.

Han seier at dersom ein skulle gjere alle glade, ville ein ha overkapasitet resten av året.

- Dersom me skulle unngå kø heile året, ville me ha periodar der det var nesten tomme ferjer, seier Naimak.

Men han beklagar at dei har hatt tekniske vanskar og at informasjonen på internett ikkje har vore god nok.

- Me skulle dessutan gjerne ha hatt større og betre ferjer på ein del av sambanda. I tillegg slit rederia med mannskapsproblem, seier Naimak.

Naimak har tidlegare gått inn for å leggje ned Skutvik-ferja.

- Det gjorde eg grunna dei økonomiske rammene eg er gitt, seier han.

Katastrofe

Det hadde vore ein katastrofe, dersom den eine turen Skutvik-ferja går hadde vorte lagt ned, seier fungerande ordførar i Hamarøy, Liv Lund-Skarvik.

- Eg veit at det vert gjort mykje, men eg vil at regionvegsjefen skal gjere meir. Han burde ha kjempa med oss. Lofoten er ein turistmagnet utad. Og det er ikkje berre sommarstid ferja har eit potensiale, men også vinterstid, seier Lund-Skarvik.

Evaluering av situasjonen

Naimak seier at dei skal vurdere situasjonen.

- Mi oppgåve er å sjå på situasjonen, og me skal evaluere situasjonen etter dette året, seier Naimak.

Men han understrekar at han må sjå alt i ein total-samanheng.

- Eg har ein del øysamfunn som er total- avhengig av ferje, så eg må vurdere alt under eitt, seier han.