NRK Meny
Normal

- Bodøværingar toler flystøy

Bodø-ordføraren meiner bodøværingane toler den ekstra flystøyen frå auka jagerflyaktivitet godt.

Russiske jagarfly

Russiske fly har vore særs aktive i det siste.

Foto: 331 og 332-skvadronen i Bodø

Folk i Bodø toler godt den ekstra flystøyen frå jagerflya som no er mykje oftare på vingane. Det meiner ordførar Odd-Tore Fygle (Ap).

Forsvaret har dobla flyaktiviteten i nordområda den siste tida. Og fredag var F16-fly frå Bodø  konstant på vingane for å overvåke russisk flyaktivitet.

- Viktig

Og det har folk i Bodø forståing for, meiner Fygle:

- Dette stadfestar at Bodø har ein utruleg viktig funksjon å fylle som landets viktigaste hovudflystasjon. Og det viser også at det er viktig å fortsetje å satse på Bodø som ein flystasjon.

- Og du trur at folk i Bodø toler den ekstra flystøyen?

- Ja, det er klart det har både fordelar og ulempar å ha denne nasjonale funksjonen. Men eg er ganske sikker på at bodøværingane veit at hovudflystasjonen har betydd utruleg mykje for Bodø si utvikling gjennom heile etterkrigstida. Og vi er fortsatt viljuge til å ta på oss den nasjonale oppgåva, seier arbeidarpartiordførar Odd-Tore Fygle i Bodø.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
I tredje episode av Stortvildet må Erna Solberg tegne Jonas Gahr Støre. KrF må debattere som SV og motsatt. Hvem vinner debatten?
 Er Jonas Gahr Støre (Ap) god på seksualundervising? Se episode 2 av Stortvildet.