Hopp til innhold

- Berre eit innspel

Halvorsen sitt utspel føyer seg berre inn i rekkja av innspel, seier ordførar Roy Waage i Skjervøy kommune.

Forskar Halvard Halvorsen ved siviløkonomiutdanninga Bodø trur Hurtigruten kjem til å kutte Risøyhamn og Stokmarknes i Nordland.

Waage på si side trur og meinar at rutenettet til Hurtigruta kjem til å verte som idag.

- Hurtigrute-konseptet er og skal også i framtida vere eit konsept som i stor grad skal gje ein landsdel, som eksempelvis er utan jernbane, eit godstilbod, seier Waage.

Aksjon

Ordførar Roy Waage står i bresjen for ein ordførar-aksjon som arbeidar for å oppretthalde Hurtigrute-tilbodet slik det er idag. Han meinar at ein uansett må forholde seg til avtalen ein har med staten.

- Me forheld oss til det Hurtigruten ASA sjølv har sagt. Dei har ein avtale med staten om eit fast seglingsmønster. Det er å byrje i feil ende når ein snakkar om at kostnadsreduserande tiltak ikkje er nok. Ein gløymer det som er det unike med Hurtigrute-konseptet, nemleg at turistane får reise innom mange ulike hamner og får med seg unike opplevingar, seier Waage.

Gjeld og underskot

Hurtigruten har ei gjeld på fire milliardar kroner og eit underskot på 600 millionar kroner dei siste tre åra. Waage har fleire løysingar på korleis ein skal kome seg ut av uføret.

- Eg kan mellom anna peike på at Hurtigruten ASA denne veka har eit møte med departementet for å sjå på den avtalen ein har sett i lys av dei høge bunkersprisane. Eit anna tiltak er å jobbe for å fylle opp endane på turist-sesongen, for å tene meir pengar. Dessutan må me som får Hurtigruten inn til hamnene våre ta i eit tak for å auke inntekter og spare pengar, seier Waage.

Viktig med engasjement

Waage trur at ordførar-engasjementet langs kysten er veldig viktig for å halde på Hurtigruten ASA.

- Det er utruleg viktig, fordi Hurtigruta er for store delar av landsdelen det einaste alternativet til jernbana, seier Waage.

Han fortel at ordførarane skal samlast i Bodø den 18. September.

- Der skal me slå ring om Hurtigruta, seier Waage.