Kjell Magne Bondevik er glad for pristildelinga. (NRK-foto)
- Tildelinga er ei hylling til fredsrisvinnarane sitt arbeid for å stanse spreiinga av atomvåpen, seier statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) i ein kommentar.
Han framhevar ElBaradei som ein framståande leiar med stor integritet.
- ElBaradei arbeider intenst for at IAEA skal få auka tilgang til dei løpande kjernefysiske programma. Dette er heilt avgjerande vår den felles tryggleiken vår, og eg er veldig glad for at Nobelkomiteen understrekar dette, seier Bondevik.
Jens Sstoltenberg er glad for tildelinga. (Scanpix-foto)
Ap-leiar Jens Stoltenberg seier at fredsprisvinnarane får ein fortent og viktig pris som set søkjelyset på ikkje-spreiing og nedrusting.
IAEA gjer ein viktig jobb for sikker bruk av kjernekraft og for å hindre spreiing av atomvåpen, seier mannen som truleg blir statsminister når fredsprisen skal delast ut i Oslo 10. desember.
Utanriksminister Jan Petersen (H) er svært glad for å kunne gratulere Mohamed ElBaradei og IAEA med Nobels Fredspris for 2005.
- Dette er svært gledeleg. Nobelkomiteen set med dette søkjelyset på ei av dei viktigaste tryggleiksutfordringane som verda står overfor, seier Petersen. Han framhevar også IAEA-sjefen sin integritet.
Siv Jensen meiner tildelinga er eit signal til terroristgrupper og statar. (Scanpix-foto)
- Dette var ukontroversielt og fornuftig, og eit klart signal til terroristgrupper og statar, til dømes styresmaktene i Iran, seier Siv Jensen, ny parlamentarisk leiar i Framstegspartiet.