VIDEO: Dagsrevyens reportasje om Ebadi
SE: Ebadi i samtale med sin norske venn Henriette Sinding Aasen.
Leiaren for Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, kunngjer prisutdelinga. (Foto: Tor Richardsen / Scanpix)
Nobelkomiteen hadde i år heile 165 kandidatar å velje mellom, men på det siste møtet fall valet på den iranske kvinna.
- Det er ei glede for Den norske Nobelkomite å kunne dele ut prisen til ei kvinne som høyrer den muslimske verda til, og som den verda kan vere stolt av, sa leiaren for komiteen, Ole D. Mjøs, då han kunngjorde prisutdelinga.
I 2001 blei Shirin Ebadi også tildelt den norske Raftoprisen for den langvarige kampen sin for menneskerettar. Ho har også fått mykje merksemd for innsatsen for å styrkje rettsstillinga for kvinner og barn.
Første kvinnelege dommar
Shirin Ebadi er kjend som den første kvinnelege dommaren i Iran, men ho måtte fråtre stillinga som følgje av revolusjonen i landet i 1979.
Då tok eit konservativt islamsk presteskap over styringa, og innførte strenge restriksjonar for korleis kvinner kunne delta i samfunnslivet.
I åra etter revolusjonen har meir demokratiske krefter sakte fått større spelerom.
Kvinner og barn
Ebadi har vore ein leiande figur i det iranske menneskerettsarbeidet. Ho er framleis ein aktiv forkjempar for rettane til kvinner og barn, og ein forsvarar av personar som har vore utsette for menneskerettskrenkingar.
Ho har vist stort mot ved å påta seg arbeid som advokat for forfølgde, og har vore utsett for kraftige represaliar på grunn av det juridiske arbeidet.
Shirin Ebadi har tidlegare også fått ein pris frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch for arbeidet sitt.
Mellom dei andre kandidatene som var trekte fram som mest aktuelle i år, var pave Johannes Paul II, den tidlegare tsjekkiske presidenten Vaclav Havel, og den brasilianske presidenten Lula da Silva.
Men valet fall altså på den iranske kvinna, som var ein av dei heller få kvinnelege nominerte.
Les grunngjevinga for prisutdelinga på Heimesida til Det Norske Nobelinstitutt