Hopp til innhold

Fekk kutta beina av tanks i 1989

For Fang Zheng var det heilt spesielt å vere til stades på fredsprisutdelinga. Han er ein av dei verkelege heltane frå Den himmelske freds plass i Beijing 4. juni 1989.

Den unge studenten deltok i demokrati-demonstrasjonane som kulminerte med massakren på Den himmelske freds plas.

Det var fullt kaos på den store opne plassen i sentrum av Beijng, med politi, soldatar som for ein kvar pris skulle stanse dei uvæpna studentane.

LES OGSÅ: Demonstranter angrep hverandre

LES OGSÅ: – Mange tørker tårer her nå

Ville hjelpe venninne

Fang Zheng og meiningsmotstandar i Oslo

Ikkje alle likte markeringa til Fang Zheng i Oslo sentrum fredag.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Ei venninne av Fang Zheng vart teken av politiet, og han sprang mot henne for å hjelpe.

Før han kom så langt vart han overkøyrd av ein tanks, og begge beina vart kutta rett av.

Det vart slutten på draumen om demokrati både for Fang Zheng og mange andre som var aktive i demokratirørsla. Nokre av venene hans vart drepne denne dagen, medan dei fleste av dei som overlevde vart putta i fengsel.

Fang Zheng vart innlagd på sjukehus, og begge beina hans vart amputerte over kneet. Men sjølv på sjukehuset, fortel han, vart han passa på av væpna vakter.

- Skulle eg greie å rømme? Utan bein? spør han med eit smil.

LES OGSÅ: Rørt til tårer av Liu Xiaobos ord

LES OGSÅ: – Liu Xiaobo er en ekte helt

Tett overvaking

Då han kom ut av sjukehuset var han for så vidt ein fri mann, men det var ikkje vanskeleg å merkje at han vart overvaka. Han vart så godt passa på, fortel han, at det var umogleg å engasjere seg politisk igjen.

Fang Zheng heldt ut i Kina i 20 år etter hendinga som invalidiserte han for livet. Då tok han ei avgjerd om å reise ut for å fortelje om det som skjedde på Den himmelse freds plass denne junidagen i 1989.

Han reiste til USA for igjen å kunne engasjere seg politisk.

I dag bur han i San Francisco, og han trivst der. Engelsken sit ikkje heilt enno, og tolken hans kan berre fransk, så vi må kommunisere via ein journalist frå Hongkong som kan både engelsk og kinesisk.

LES OGSÅ: – At Liu Xiaobo ikke er her, viser at prisen var riktig

Aktiv støttespelar

No brukar han tida si på å kjempe for den kinesiske demokratirørsla frå USA. Han reiser rundt og fortel om det som skjedde, og han er ein aktiv støttespelar for fredsprisvinnaren Liu Xiaobo.

Det er tydeleg at han er ein svært populær mann blant eksilkinesarane. Det kom stadig folk bort til han for å gi han ein klem og snakke med han.

Han er ein av heltane, ingen tvil om det.

Fang Zheng saman med to hjelparar i Fredsprissenteret i Oslo.

Fang Zheng saman med to hjelparar i Fredsprissenteret i Oslo.

LES OGSÅ: – Vesten tvinger land til å delta på nobelseremonien