Kim Dae-Jung i Oslo Rådhus søndag ved overrekkelsen av fredsprisen. (Foto: NRK)
Kim Dae-Jung er blitt ein av verdas mest ettertrakta politikarar. Han er blitt ein internasjonal helt etter at han makta å få den stalinistiske staten i nord til å opna døra på gløtt.
Dei varme famntaka med erkefienden Kim Jong Il i sommar, vart oppfatta som eit overgangsrituale frå mørk fortid til ljos framtid på den koreanske halvøya.
Den sørkoreanske presidenten har allereie fått namnet Asias Mandela for sin innsats for fred og demokrati i Austen, og dei fleste meiner at det er meir enn velfortent når han i dag får tildelt Nobels fredspris.
Ikkje imponert
Men sjølv om sørkoreanarane er djupt prega av stoltheit når landet får sin første Nobelpris, så er dei likevel kritiske til at Kim Dae-Jung fer til Noreg for å henta prisen.
Mange skulle helst ha sett at presidenten tok seg tid til å rydda opp i alle problema som landet strir med, i staden for å feira seg sjølv.
Korkje grasrota eller opposisjonen let seg imponera av at president Kim drar utanlands for femtande gong dette året. Kritikken er til tider bitande, og sarkastisk.
- Han ser ikkje ut til å skjøna at gratulasjonane som heng rundt om kring ikkje er noko særs ærleg meint, skreiv nyleg avisa Chosun Ilbo.
-Mange er rett og slett ikkje i humør til ta del i feiringa. Anten fordi dei ikkje har arbeid, eller fordi dei er redde for at dei snart kjem til å mista jobbane sine, skriv avisa The Korea Herald.
Regjeringa er i ferd med å gjennomføra økonomiske reformer som i sterk grad har råka dei fattige og hjelpt dei rike.
Fleire hundre tusen kan bli arbeidslause. Grasrota kjenner seg lurt av den demokratiske regjeringa, og meiningsmålingar viser at presidenten no har mindre enn femti prosent støtte i folket.
Torturert
Kim Dae-Jung er ei personifisering av den demokratiske kampen. Han blei fengsla og torturert fleire gonger då landet var styrt av eit diktatorisk regime.
Men no er folket vonbrote. Dei hevdar at den demokratiske regjeringa også er korrupt, og regjeringsmedlemmane blir klandra for å lura seg unna gransking og straff.
Avisa The Korea Times skriv at sjølv om utanverda oppfattar Kim Dae Jung som ein demokrat, så er den lokale oppfatninga at han berre er ein leiar av ein politisk klikk, som ikkje er noko betre enn dei andre.
-Veljarane meiner at politikarane somlar bort tida, medan Seoul står i brann. Før i tida drukna korrupsjonen i økonomisk framgang. No tar ein ikkje oppgjer med problemet, og det hindrar økonomisk oppblomstring eller framgang, skriv avisa.
Fagforeingsleiar arrestert
I dag er det to veker sidan fagforeiningsleiaren i firmaet Hyundai Motors blei fengsla. Chung Gop-soo blei arrestert for å ha organisert ein streik til støtte for 3500 arbeidarar som miste jobbane sine i det konkurrerande firmaet Daewoo.
Han er berre ein av svært mange fagforeiningsleiarar som er blitt arrestert i Sør-Korea, og menneskerettsorganisasjonen Amnesty International har slått alarm. Organisasjonen hevdar at fagforeiningsleiarane går ei usikker framtid i møte.
-Dei risikerer å bli arresterte og fengsla når dei tek i bruk sine rettar til å demonstrera i protest mot økonomisk og sosial politikk som råkar medlemmane deira, skreiv Amnesty i ein rapport i fjor.
Kritiske røyster
Den karismatiske presidenten Kim Dae Jung har også mista beundrarar fordi han ikkje vil ta i mot den andelege leiaren i Tibet, Dalai Lama.
Regjeringa hevdar at tida ikkje er inne for ei slik vitjing til Korea, men dei kritiske røystene hevdar at Seoul kastar seg nasegrus i støvet for Kina. Styresmaktene får også kritikk fordi den ikkje tar eit oppgjer med Kina si dårlege handsaming av nordkoreanske flyktningar.
Dessutan har regjeringa prøvd å målbinda den nordkoreanske avhopparen, Hwang Jang-yop, i redsle for å koma på kant med Nord-Korea.
Hwang er den høgst rankerte statspersonen som nokogong har desertert frå den stalinistiske staten. Alle desse eksempla blir brukt som prov på at demokratiet framleis ikkje rår i Sør-Korea.
Besatt
Vonde tunger hevdar at Kim Dae-Jung har vore besett av tanken på å få Nobels fredspris, og at han i dag har nådd eit personleg mål. Men avisene skriv også at slike ord er teikn på at jantelova herskar i Sør-Korea.
The Korea Times skriv at nobelkomiteen ikkje berre heidrar mannen Kim Dae-Jung, men også dei tankane og ideane som han har, og held fram med å kjempa for.
- Demokrati og menneskerettar i Sør-Korea, og sameining med den andre og framandgjorte delen av Korea. Dette er mål som alle sørkoreanarane burde lengta etter. Tildelinga av Nobels fredspris burde difor vera ein god sjanse til, om så berre for ein liten augneblink, å setja til side den patetiske kjeftinga og i staden stå samla bak ein stor statsmann, som meir enn nokon annan personifiserar den koreanske draumen, skriv The Korea Times.