NRK Meny
Normal

Ber Jagland snakke norsk under fredsprisutdelinga

– Når leiaren i Den norske nobelkomiteen held talen sin ved utdelinga av fredsprisen 10. desember, bør det skjer på norsk, ikkje på engelsk, seier direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen.

Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen.

Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, meiner at Thorbjørn Jagland bør halde talen sin under utdelinga av Nobels fredspris på norsk.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Han viser til at då Ole Danbolt Mjøs var leiar for Nobelkomiteen, så heldt han alltid talen sin på norsk.

- «Bruk norsk når du kan og engelsk når du må». Denne hugsereglen er god og viktig for alle som tek viktige språkval i samfunnet. Det er ikkje nokon grunn til at overrekkingstalen må vere på engelsk, seier Vonen til NRK.

Geir Lundestad

Sekretær for Nobelkomiteen, Geir Lundestad, seier at det ikkje er aktuelt å gå tilbake til å bruke norsk under fredsprisutdelinga.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Han legg vekt på at heile verda er målgruppa for talen, ikkje berre land der dei brukar engelsk.

– Ikkje aktuelt

Sekretær for Nobelkomiteen, Geir Lundestad, seier at det ikkje er aktuelt å følgje oppmodinga frå Språkrådet om å bruke norsk. Til det har arrangementet vorte for internasjonalt og for retta mot verda, seier han.

– Arrangementet har blitt stadig meir globalt, og det er stadig større interesse ute i verda. Det er mykje enklare også for prisvinnarane at det blir snakka direkte til dei på engelsk.

Lundestad fortel at det var dette som låg til grunn då det vart avgjort at hovudtalen skulle haldast på engelsk, og han trur ikkje dei vil gå tilbake på det.

– Vi talar først og fremst til verda, ikkje til Noreg, seier han til NRK.

Nobels fredspris

Språkleg mangfald

Kailash Satyarthi, Malala Yousafzai og Thorbjørn Jagland

Språkrådet ber Thorbjørn Jagland halde talen sin på norsk under utdelinga av fredsprisen til Kailash Satyarthi og Malala Yousafzai 10. desember.

Foto: Vegard Wivestad Grott / Ap

– Talen ved overrekkinga av Nobels fredspris er eit flott høve til å synleggjere språkleg mangfald. Det er ein god illustrasjon om at norsk er bra nok, seier språkråddirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Språkrådet vil sende eit brev til Nobelkomiteen der dei legg fram ynsket sitt om bruk av norsk under fredsprisarrangementet.

Arnfinn Muruvik Vonen meiner det i dag er så mykje tekniske hjelpemiddel til teksting, at det bør vere ei enkel sak. Han meiner Nobelkomiteen har så god tilgang på tolkar at det ikkje bør by på praktiske problem, og minner om at manus alltid ligg føre både på norsk og engelsk.

LES OGSÅ: Nok en nobelpris for Malala

LES OGSÅ: – Tusen takk for at du endret livet mitt, «Bajzabji»

– Stadig sterkare press

– Ingen av prisvinnarane har engelsk som førstespråk. Dette kan vere ein fin måte å vise at det finst andre språk enn engelsk, seier Vonen.

Direktøren i Språkrådet meiner at norsk kjem under stadig sterkare press frå engelsk, og at det er viktig å ha ei aktiv haldning til at norsk er hovudspråket vårt. Han viser til utviklinga innanfor høgare utdanning, der engelsk blir meir og meir brukt.

Vonen meiner også at det i delar av næringslivet, spesielt dei som jobbar mot den internasjonale marknaden, ofte innfører engelsk som hovudspråk. Han har inntrykk av at det ikkje alltid ligg grundige vurderingar til grunn.

LES OGSÅ: Sirkusdirektør trakk pistol mot fredsprisvinneren

LES OGSÅ: Malalas venner har fått nytt liv i Wales

– Best i norsk

– Det er slik at nordmenn er betre i norsk enn engelsk. Det er ein risiko for at ein arbeidstakar som må bruke engelsk kan gjere ein dårlegare jobb enn om vedkommande hadde brukt norsk. Det kan også vere ei utfordring innanfor HMS, seier han.

– Eg ynskjer auka merksemd på konsekvensar av språkval. Fredsprisutdelinga er eit godt høve til auke merksemd rundt språk, seier han.

LES OGSÅ: Hvorfor jeg hater Malala

LES OGSÅ: Malala fikk amerikansk prestisjepris