NRK Meny
Normal

– Til alle som døde 4. juni 1989

Liu Xiaobo dediserer fredsprisen til ofra på Den himmelske freds plass i 1989, seier kona Liu Xia etter at ho møtte mannen sin i går.

Video Tilbakeblikk på demonstrasjonene på Tiananmen-plassen

Den himmelske freds plass 4. juni 1989.

Anders Magnus, Beijing
Foto: NRK

Liu Xia har møtt ektemannen i fengselet og seier han har fått vite at det var han som vann Nobels fredspris fredag.

Då kona var på besøk, sa Liu Xiaobo til ho at han er veldig, veldig glad for å få prisen, fortel ein av dei nære støttespelarane hans til NRK.

– Eg er lykkeleg, sa Liu Xiaobo.

– Til martyrane frå massakren

Så kom tårene, før han rakk å gi sin første reaksjon.

– Denne prisen er tileigna alle martyrane frå massakren på Den Himmelske Freds plass 4. juni 1989, sa han til kona.

4. juni 1989 var dagen då kinesisk militære rulla inn på Den himmelske freds plass i Beijing og slo ned på demonstrasjonar.

Xiaobo måtte sjølv sitte i 20 månader i fengsel etter å ha delteke i demonstrasjonane.

Liu Xia viser fram eit bilete av ektemannen.

Liu Xia viser fram eit bilete av ektemannen.

Foto: PETAR KUJUNDZIC / Reuters

Kona i husarrest

Tidlegare i dag skreiv Xia ein e-post til Dagbladet og sa at ho er sett i husarrest og at politiet har øydelagt telefonen hennar.

Ho har også skrive på Twitter om besøket:

– Brødre, eg er tilbake. Eg har fått forbod mot å bevege meg fritt etter 8. oktober. Eg veit ikkje når eg kan treffe dykk. Dei har øydelagt telefonen min, eg kan ikkje ta imot telefonar. Eg har møtt Xiaobo, og har fortalt han nyheita den 9. oktober i fengselet.

Stille frå fengselet

Liu Xiaobo vart tildelt fredsprisen fredag. Han sonar elleve år i fengsel for å ha kritsert det kinesiske eittpartisystemet og for å ha vore med å lage eit manifest for demokratisk utvikling i Kina, som er kalt Charter 08.

Vegane til Junzhou-fengselet i provinsen Liaoning er no stengd og det er berre statlege tenestemenn og innbyggarar som får lov å sleppe inn i området der fengselet er.

Ifølgje NTB vil ikkje vaktene opplyse kvifor vegane er stengde, og i fengselet svarer ingen på telefonen.

Kinesiske styresmakter har sagt at dei reknar tildelinga for å vere i strid med dei opphavlege intensjonane frå Alfred Nobel, og har streka under at Liu er sett på som ein forbrytar i Kina.