Hopp til innhold

Malala får fredsprisen: – Neppe auka terrortrussel

– Taliban og andre grupper vil nok protestere kraftig mot fredsprisen til Malala Yousafzai, men eg tvilar på at pristildelinga vil føre til ein auka terrortrussel, seier terroranalytikar Atle Mesøy.

Atle Mesøy

Atle Mesøy trur vi må rekne med ein del støy frå Taliban som følgje av fredspristildelinga, men neppe terror mot Noreg.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Han meiner likevel er vanskeleg å gi ei eksakt vurdering av om fredspristildelinga vil utgjere ein terrortrussel. Mesøy reknar med at Taliban og andre grupper vil gi lyd frå seg, og dei vil sjå på fredsprisen som endå eit bevis på at Vesten er ein fiende av islam.

– Reaksjonane kan bli sterke, men vi skal hugse at det er langt frå å kome med truslar til å gjennomføre ein terroraksjon, seier Mesøy.

– Gjer grundig vurdering

Kommunikasjonsrådgjevar Roar Hansen ved Oslo-politiet seier til NRK at dei som vanleg vil gjennomføre ei grundig vurdering av terrorfaren når dei startar planlegginga av vakthaldet rundt fredspristildelinga.

– Vi skal sørgje for eit trygt arrangement for dei som deltek på Nobelpristildelinga og for innbyggjarane i Oslo. Det er vanskeleg å vere meir konkret enn det så tidleg, seier Roar Hansen.

Det er alltid omfattande tryggingstiltak rundt Nobels fredspris, men ein del år har det vore meir omfattande enn andre. Det var særleg tydeleg då Barack Obama vart tildelt prisen i 2009.

LES OGSÅ: Inviterte Malala til Norge: – En stor dag for jenter uten utdannelse

Omfattande sperringar

Då var Oslo sentrum sterkt prega at omfattande sperringar. Grand Hotel var inngjerda, det same var Oslo Rådhus. Langs heile Karl Johan var det sett opp gjerde.

Det vart oppretta fem såkalla tryggingssoner i Oslo sentrum. Det var stader der Barack Obama skulle opphalde seg. Ein del butikkar og serveringsstader var bedne om å stengje i kortare eller lengre periodar, medan andre igjen fekk instruksar frå politiet om situasjonen.

Det vart gitt instruksar til personar som måtte opphalde seg i bygningar som låg inn i tryggingssona. Her fekk folk beskjed om å halde seg unna vindauge og å halde vindauge lukka og med gardinene trekte frå.

Mange forbod

Det var forbod mot å bruke fotoapparat eller telelinse gjennom vidøygd. Det var også forbode å opphalde seg på takterrassar og tak. Det vart også gitt ordre om å nytte eventuelle bakvegar om ein måtte ut på gitte tidspunkt.

Det er lite truleg at tryggingstiltaka blir like omfattande i år som i 2009. USAs president blir rekna som det største terrormålet i verda, og derfor var tiltaka den gong spesielle.

Det var også omfattande tryggingstiltak i 2012, då Eu fekk prisen. Med mange statsleiarar og regjeringssjefar på gjestelista måtte politiet også då ta i bruk strenge tryggingstiltak, sjølv om dei ikkje var på nivå med 2009.

LES OGSÅ: Jagland om Nobels fredspris:– «Gi ungdom et håp», «La dem gå på skole»