Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Shirin Ebadi møtte 4000 skuleborn
- Nobels fredspris 2003
Frå klokka 10 strøymde det på med skuleborn og lærarar til uteområdet på sjøsida av Oslo rådhus. Trappa var scene, og stemninga var høg då generalserektær Gro Brækken i Redd Barna introduserte konferansier Marianne Furevold, kjend frå Barne TV på NRK.
Fredsprisvinnaren blei møtt med enorm jubel blant dei 4000 borna utanfor Oslo rådhus.
Shirin Ebadi fekk også ein Barnas fredsprisdiplom. (Scanpix-foto)
Song og musikk
Så var det song og musikk ved Lyriaka, To Små Karer og Gaute Ormåsen, også kjend som Idol-Gaute. Det fekk stemninga til å stige med endå fleire hakk, og borna song med og vifta ivrig med Redd Barna-vimplane.
Etter vel ein halvtime med musikk og underhaldning var det tid for høgdepunktet. Kronprinsesse Mette-Marit kjem ut på scena saman med fredsprisvinnar Shirin Ebadi, og jubelen stig til nye høgder.
Appell
Shirin Ebadi kom med ein kort appell til dei frammøtte borna, framført på morsmålet farsi, og med ein tolk som omsette til norsk. Ho tok utgangspunkt i at born må vere klare over rettane sine, og verdien av å vere barn.
Fredsprisvinnaren prøvde å tenne Redd Barna sin fredsfakkel utanfor rådhuset, men ein lei vind gjorde at det ikkje var mogleg å få fyr på han.
- Det gjer ingenting, for fredselden brenn uansett, sa programleiar Marianne Furevold.
Desse jentene frå Asker kunne heimeleksa om Shirin Ebadi. Frå venstre Kathrine Kalager, Silje Lofthus, Marianne Sletaune, Randi Sagård, Ingrid Kastet og Marte Tronstad.
Jubel
Ei lita rundspørjing blant dei mange borna som var til stades, viste at dei ikkje stod og jubla utan å vite kva dei jubla for. Her kunne dei sine ting om både fredsprisvinnar Shirin Ebadi og om Redd Barna.
No var det ikkje alle skular som hadde brukt like mykje tid på førebuingane, men alle som vi snakka med visste godt kva dette handla om.
Seks jenter frå Rønningen skole i Asker, Kathrine Kalager, Silje Lofthus, Marianne Sletaune, Randi Sagård, Ingrid Kastet og Marte Tronstad, alle 12 år gamle, er gode eksempel på godt førebudde skuleelevaar.
Viktig arbeid
- Shirin Ebadi gjer eit viktig arbeid i Iran for å få samvitsfangar sett fri frå fengsel. - Ho gjer ein viktig jobb, og det gjer Redd Barna også, kjem det på løpande band frå jentene.
Dei kan fortelje at dei ikkje har brukt så veldig mykje tid på å førebu utflukta til Oslo, men nok til at dei veit både kva fredsprisen står for og kva Shirin Ebadi har fått prisen for.
Glade gutar på Barnas fredsprisfest. Frå venstre Georg Karampakalis, Espen Simonsen, John Magnus Johnsen og Frank Efrahim.
Også Georg Karampakalis og Espen Simonsen frå klasse 6A på Rotnes skole i Nittedal kunne leksa si om Nobels fredspris og Shirin Ebadi. Det same gjeld John Magnus Johnsen og Frank Efrahim frå Bjøråsen skole på Romsås i Oslo.
Kristin Ruud frå Redd Barna fortel det at ikkje var plass til alle skuleklassene som ville delta.
Redd Barna
Informasjonsmedarbeidar Kristin Ruud i Redd Barna kunne fortelje at organisasjonen har sendt ut informasjonsmateriell til alle skulane som deltok, slik at alle skulle vere godt førebudde.
Borna reiste gratis med tog, buss og bane med spesiallaga billettar.
Det har blitt ein tradisjon for Redd Barna å arrangere Barnas fredsprisfest i Oslo på Nobeldagen. Kristin Ruud opplyser at langt fleire enn dei 4000 som var med, ynskte å delta på festen. Men, det var diverre ikkje plass til fleire.