Emily Lau i støttedemonstrasjon for Liu Xiaobo i Hongkong like før ho reiste til Oslo.
Foto: MIKE CLARKE / AfpDen kjende Hongkong-politikaren
er i Noreg som gjest i samband med fredsprisseremonien i Oslo i morgon. Ho er nestleiar for Det demokratiske partiet, og ho har vore representant i parlamentet i Hongkong dei siste 20 åra.Ho er ein av få kinesiske politikarar, også i Hongkong, som ope torer å kritisere kinesiske styresmakter.
Ho meiner det er eit sterkt ynskje om meir demokrati, også blant det ein kallar vanlege folk i Kina. Men kinesiske styresmakter sørgjer for at dei som engasjerer seg for demokrati må betale ein høg pris.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
11 års fengsel
- Tenk deg å få 11 års fengsel for å uttale seg kritisk om styresmaktene. Det var det som skjedd med Liu Xiaobo, seier ho.
Medan støttespelarane til fredsprisvinnar Liu Xiaobo frå det kinesiske fastlandet har blitt nekta utreise frå heimlandet, har ikkje det vore noko problem for dei som bur i Hongkong.
Hongkong er ein del av Kina, men har sitt eige politiske system. Eitt land og to system, som det offisielt heiter. Heller ikkje Hongkong er 100 prosent demokratisk etter vestlege mål, men den tidlegare britiske kronkolonien har betydeleg sjølvstyre.
- Eg har full fridom til å gjere det eg vil. Eg kan reise kvar eg vil i verda, bortsett frå til det kinesiske fastlandet. Dei nektar å sleppe meg inn, seier ho. Og årsaka er at ho er ein ivrig forkjempar for demokrati også på fastlandet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Eit sterkt signal
Vi møter Emily Lau på ei mottaking som partiet Høgre hadde torsdag kveld for dei utanlandske gjestane til fredsprisseremonien i Oslo rådhus fredag. Ho fortel kor glad ho er for å kunne vere til stades på denne historiske hendinga.
Dei to vertane under mottakinga i Høyres Hus, Jan Tore Sanner og Yang Jianli.
Foto: Bent Tandstad / NRKMange kinesiske dissidentar var til stades i Høyres Hus torsdag kveld, og vert for samlinga var Yang Jianli, leiar for foreininga
.- Å gi fredsprisen til Liu Xiaobo er eit svært sterkt signal til det internasjonale samfunnet, og det er stor glede i den kinesiske demokratirørsla. Dette er veldig viktig for oss, seier Emily Lau.
Ho trur demokratiet vil kome også til Kina, men spørsmålet er kor fort det går. Kina har gått gjennom ei enorm økonomisk utvikling, seier ho, og no er det på tide at det også blir ei demokratisk utvikling
Ho er trist fordi ingen frå det kinesiske fastlandet har kunna reise til Oslo for å vere med på feiringa, men samstundes glad for alle eksilkinesarane som har teke vegen til den kalde norske hovudstaden.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Demonstrerte ved ambassaden
Emily Lau deltok også i demonstrasjonen utanfor den kinesiske ambassaden tidlegare på dagen torsdag. Ho fortel at dei har kome til Oslo for å feire at Liu Xiaobo har fått fredsprisen, men også for å demonstrere at det er mange ynskjer demokrati i Kina.
Sjølv om kinesiske styresmakter godtek aktiviteten til Det demokratiske partiet i Hongkong, så er det ikkje lett for demokratiforkjemparane å ha kontakt med meiningsfellane sine på fastlandet. Kommunikasjonen går føre seg gjennom nokre få menneskerettsadvokatar, kan ho fortelje.
Det er også vanskeleg å kommunisere via epost og Internett. Det kinesiske «Cyber Police», dei som sensurerer Internettrafikken, set ein effektiv stoppar for slik kommunikasjon, seier ho.
- Men dei greier ikkje å hindre all kommunikasjon. Det er måtar å få kontakt på, legg ho til.
Emily Lau og dei andre frå Det demokratiske partiet brukte Liu Xiaobo-masker i parlamentet i solidaritet med den fengsla fredsprisvinnaren.
Foto: Kin Cheung / APLES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: