Frank Rosell

BEVERFRELST: Som ung gut sto Frank Rosell plutseleg ansikt til ansikt med ein bever i 1990. Frå den dagen har arten vore heilt spesiell for han.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Beveren sine skjulte hemmelegheiter

Ville dyr er livredde menneske og ofte mest aktive om natta. Korleis kan vi då finne ut av korleis dei har det?

På ein hemmeleg stad i Sauherad i Telemark går professor Frank Rosell roleg langs eit vatn og kik etter beverhytta. Han kjenner dei fleste beverane i området, men planen han har lagt no, er heilt unik.

– Sjekk det matlageret! Hytta er svær altså!

Rosell viser oss korleis haugen av kvistar i vasskanten eigentleg er ein liten underjordisk labyrint der eit beverpar har heimen sin.

– Der nede har dei nok soverommet sitt, og der nede er truleg symjebassenget, seier han, medan han peikar og forklarar korleis beverane sym ut, hentar seg ferske kvistar, og dykkar inn att i den trygge hola si for å ete.

– Slik kan dei halde på i fleire månader, fortel han.

Frank Rosell har forska på bever i 20 år. Han har merka, og gitt namn til 470 forskjellige beverar i Telemark. Men sjølv om professoren personleg har halde svært mange beverar i hendene sine, og småsnakka med dei, er det ikkje slik at dyra står langs elvebreiddene og vinkar han inn i hyttene sine når han nærmar seg.

Slik er det heller ikkje for andre forskarar. Dyra vil stort sett ikkje ha noko med dei å gjera.

Kor går då grensa for kva Frank og andre forskarar kan gjera mot ville dyr for å finne svar på spørsmåla sine?

Beverforskaren skal gjere noko han aldri har gjort før. Han vil sjå korleis dyra har det og han vil sjå kva dei gjer på der inne. Inne i beverhytta. Målet er å hindre at høggravide beverar vert skotne.

– Trist å skyte høggravide

– Eg er veldig sensitiv overfor dyr. Veldig glad i dei. Men av og til har vi så store spørsmål at det kanskje er betre å stikke eit hol inn i beverhytta for å finne svaret, seier han.

Ved å merke dyra, og følgje med på korleis dei lever, har han funne ut mykje. Men dess meir kunnskap han får, dess fleire spørsmål dukkar opp. Viktigast av alt, han vil løyse gåta som kan vera avgjerande for beveren si framtid, og som ingen enno har funne det eksakte svaret på: Kva tid føder bevermammaen ungane sine?

– Det er mange som er uroa over at beverjakta går føre seg så lenge i Noreg. Det er eit lite koseleg syn for jegerar å oppdage at dei har skote ein bever med store foster inne i seg. Det er heller ikkje kjekt at beverar som nettopp har fått ungar blir skotne. Ungane klarar seg ikkje åleine, fortel han.

For forskinga sin del, for jegerane, for om mogleg å flytte beverjakt-perioden i Noreg og ikkje minst for å ta vare på arten, er spørsmålet om fødselstidspunkt viktig.

På slutten av 1800-talet blei bever nærast utrydda i Noreg. Kanskje var det berre 50 individ att i Telemark og i Agder. Den gongen dreiv ein jakt for kjøtet og pelsen sin del. Laga filthattar og flosshattar av beverhår. Populært var også mirakelmiddelet bevergjel, tisskonsentratet frå kjertelpungen mellom kjønnsorganet og tarmopninga. Bevergjel blei nytta som vedundermedisin, og var i sal på apotek i Noreg til midt på 1970-talet.

Framleis blir bever jakta for matauk i Noreg. For skinnet sin del også. Men nokre av dei 1670 beverane som blei skotne i fjor blei skotne utan vidare bruk. Årsaka er at enkelte ser på beveren som eit skadedyr, som set treplantasjar og vegar under vatn med demningane dei byggjer.

Jaktar vi bever på feil tid?

Frank Rosell meiner 15 prosent av bestanden på rundt 70 000 beverar i Noreg utan problem kan takast ut kvart år utan at det ville øydeleggje for arten.

– Men det er veldig sørgjeleg om dei er drektige. Det blir eg veldig påverka av. Ho-beverar blir skotne når det kan vera dagar til dei skal føde. Det må vi unngå, seier han.

Jakttida på bever i Norge er frå 1. oktober til 30. april. Endå lenger andre stader der våren kjem seinare. Det er altså mogleg at den mest iherdige jakta om våren skjer mot slutten av bevermammaen sitt 105 dagar lange svangerskap.

– Finn vi ut av dette så har vi viktige data som vi kan nytte i forvaltning og bevaring av bever. Blir det mykje jakt så er dette ein art det er lett å utrydde, meiner Frank Rosell.

Men korleis komme seg inn i beverhytta, og korleis skal forskaren få sett ein fødsel når beveren skjuler seg så godt og vil vere i fred?

Tanken har spunne rundt i hovudet til Frank sidan midten av 1990-talet.

– Eg bygde for om lag 20 år sidan eit einvegsvindauge. Men det tetta beverane igjen med ein gong. Tanken om å få dette til har vore der sidan då. Så kom denne moglegheita, seier han.

Vil sjå på dyra utan at dyra legg merke til det

For då NRK Natur ville følgje beverforskinga hans, dukka det også opp ei moglegheit med profesjonelle fotografar med like stor iver som Rosell etter å gjere unike opptak. Dei byrja å samarbeide, og la saman ein plan om å plassere kamera inne i beverhytteveggen til «ekteparet» Åse og Edvin. Beverane er allereie ein del av forskinga til Frank. Han har merka dei, og han kjenner dei ved namn. Akkurat som han kjenner mange andre beverar i området.

Åse og Edvin er ikkje nødvendigvis glad i Frank sine påfunn. Det veit vi ikkje. Vi kan berre tenkje oss sjølv korleis vi ville reagert på ei ukjent kameralinse i soveromsveggen.

– Eg likar heilt klart best åtferdsstudium av dyra i deira naturlege habitat, seier Rosell.

Og det er det han no skal prøve å gjere. Filme livet inne i det aller heilagaste. Blir det bilete, og blir det fødsel på direkten, så er det noko ingen tidlegare har fått til.

For å vera sikker på at det han gjer er lovleg, må han og fotografane spørje om lov. Spørje dei som kan svare på vegner av beverparet.

Miljødirektoratet svara:

«Dersom tiltaket blir gjennomført slik som skildra i søknaden ser Miljødirektoratet dette ikkje som unødig skade på dyr eller hi. (...)».

Kamera i beverhytta blir altså sett på som like skånsame som viltkamera. Svaret gjer at dei kan begynne å forsiktig grave i hytta.

– Grensa går med eit nålestikk

– Alt ein gjer som er meir enn eit nålestikk mot eit dyr er søknadspliktig, seier Johanne Holmen i Mattilsynet.

Johanne Holmen

Johanne Holmen i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

«Nålestikk» skal seie noko om grensa for søknadsplikt. Det inneheld også stress og annan belastning tilsvarande smerta ved eit nålestikk. Dette er det Holmen må ta stilling til når forskarar søkjer om å gjere forsøk på dyr i Norge.

Det vurderer ho slik:

– Kva er formålet? Har forsøket ein potensiell nytteverdi som kan bringe verda vidare? I tillegg vurderer eg belastninga for dyret. I Noreg har vi også lange tradisjonar for å vurdera den psykiske belastninga på dyret. Det er til dømes ei belastning i seg sjølv å bli fanga, understrekar ho.

Dyrevernalliansen meiner det er for enkelt å få godkjent dyreforsøk i Noreg. Zoolog Susanna Lybæk, som er vitskapeleg rådgjevar i alliansen meiner utviklinga går i negativ retning når det gjeld omsynet til dyrevelferda.

– Vi ser mange søknader som går gjennom som har for lite vitskapeleg grunnlag. Forsøk har blitt godkjent der dyr har gjennomgått utrulege lidingar, og der forskinga ikkje har ført til funn som kunne nyttast til noko som helst, meiner Lybæk, som kjempar for alle forskingsmetodar der ein unngår å fange dyr, og unngår merking som plager dyra.

Susanna Lybæk, Dyrevernalliansen

Zoolog Susanna Lybæk, vitskapeleg rådgjevar i Dyrevernalliansen.

– Vi driv til stadigheit og fangar dyr. Ulvar blir til dømes jaga av helikopter i periodar av året der dei gjerne har lite tilgang til mat, og dermed blir heilt utslitne. Vi har også dyr som blir merka på ein brutal måte. Små fisk som får operert inn store merker som kan samanliknast med ein murstein i ein hund, seier Lybæk.

Veterinær og dyrevelferdsombod, Bjørnar Ytrehus i Norsk institutt for naturforsking (NINA), er ikkje einig i at utviklinga går i negativ retning når det gjeld dyrevelferd i forskinga.

– Eg meiner utviklinga har gått riktig veg. Det er mykje meir merksemd på dei negative effektane for dyra no, seier han, og nemner Mattilsynet som fekk ei ny rolle (Sjå faktaboks) i 2015.

Bjørnar Ytrehus

– VERNAR BETRE OM DYRA NO: Dyrevelferdsombod i Norsk institutt for naturforsking (NINA), Bjørnar Ytrehus, meiner dyra som inngår i forsking har det betre no enn før. Her leitar han etter dødsårsaka til denne merka elgkua i Selbu. Elgkua var merka med radiohalsband.

Foto: Magdalene Langset / NINA

– Den veginga dei gjer av nytta av forsøket oppimot plaga for dyra, er eit av momenta som gjer at dette er blitt mykje betre, meiner han.

Ytrehus meiner også utviklinga med teknisk utstyr som blir mindre og mindre, og moglegheitene dronar og viltkamera gir, gjer at vi no kan sjå ting som vi ikkje kunne tidlegare.

– Dette er veldig verdifullt, og gjer at vi får heilt nye bilete av kva dyra gjer. Men det må ikkje gå utover dyrevelferda. Det finst ei fallgruve med det også, at den nye teknologien gjer at vi prøver nye ting, påpeikar han.

– Her er det masse ferske spor!

Inne i beverhytta i Telemark anar beverparet Åse og Edvin truleg ingen verdas ting om kva som skal skje. Det er mars 2017. Kaldt, men snøen har smelta vekk i området. Det er ikkje tele i jorda lenger.

Frank Rosell, professor ved Høgskolen i Sørøst-Norge, har med seg medhjelparane sine, i tillegg til to fotografar frå NRK Natur. Dei har med seg spesialutstyr bygd for oppdraget.

Spørsmålet er korleis skal dei få til å montere kamera inne i beverhytta, og korleis vil det gå?

Odd Arne Olderbakk, Christian Robstad og Frank Rosell

HOL TIL KAMERA: NRK-fotograf Odd Arne Olderbakk (t.v.) med Christian Robstad og Frank Rosell frå Høgskolen i Sørøst-Norge, oppå beverhytta dei skal få kamera inn i.

Foto: Sindre Skrede / NRK
Sindre Skrede

A DIRTY JOB: Sindre Skrede frå NRK Natur medan han prøver å finna ut korleis kamera skal monterast i beverhytta.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Så forsiktig som mogleg borer dei eit hol som dei kan føre eit inspeksjonskamera ned i. For før eit skikkeleg kamera skal ned må dei finne ut kor i kvisthaugen beverparet har holrommet dei bur i.

Kamera verkar. Bileta kjem gjennom til forskaren. Frank er i ekstase!

– Der har det lege dyr. Det er mange ferske pinnar! Der ser eg veggen. Dette er heilt fantastisk! Eg har aldri vore inne i beveren sitt heilagaste. Her er det masse ferske spor. Utruleg spennande, utbryt han.

Soverommet er klart. No må dei grave eit større hol til kloakkrøyret der videokamera, batteri og sendeutstyr skal liggje på rekkje og rad. Infraraudt lys skal gjera at filming kan skje i stummande mørket inne i beverhytta. Åse og Edvin skal helst ikkje oppdaga at det er noko framande i hytta.

For eit gjørmehol!

Kamera i beverhytte

KLAR FOR OPPTAK: Slik såg installasjonen ut som gav unike bilete frå innsida av beverhytta.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Både Frank og medhjelparane får det til. Bileta kjem gjennom. Blir sendt direkte både til Rosell sitt kontor, og til NRK Natur sine fotografar. Unike opptak som gjer at Frank og kollegaene på høgskulen i timevis kan studere vidare på beverane si åtferd.

Men...

Vasstanden stig og søkk. Raskt. To av kameraa druknar.

– Og så har vi møtt på ei anna utfordring. Beverane er veldig driftige og vil gjerne byggje om hytta si titt og ofte, fortel NRK-fotograf Odd Arne Olderbakk.

Oppussingsiveren gjer at kamera blir dekka til av kvistar gong på gong. Minst to gongar byggjer Edvin ein heilt ny lettvegg framfor linsa.

Nye kamera. Mindre kamera. Mindre rør. Nye forsøk. Bilete kjem gjennom igjen. Frank Rosell kan sitje heime eller på kontoret og følgje Åse og Edvin sine gjeremål inne i hytta si.

Odd Arne Olderbakk

BILETE FRÅ INNSIDA: Her ser fotograf Odd Arne Olderbakk korleis dei første bileta frå innsida av beverhytta såg ut.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– At dei brukar så mykje tid på å stelle pelsen, visste eg ikkje, seier Rosell. Livesendinga han har tilgang til gir han bilete av livet i ein beverfamilie han berre har drøymt om.

– Dette har vore ei berg-og-dal-bane i kjensler. Eg har gått frå utruleg optimistisk tilstand, til meir realistisk tilstand. Men eg har vore mest veldig høgt oppe, fortel Rosell, no i ettertid.

Akkurat i fødselstida, då det for Frank såg ut til at Åse skulle føde, steig vatnet så høgt i elvene i Telemark, at soverommet forskarane hadde så gode bilete frå blei fylt med vatn. Akkurat dei to-tre dagane det absolutt ikkje skulle skje for prosjektet og fødselen sin del.

Sjå Edvin sin iherdige innsats for å berga huset:

Soverommet til Åse og Edvin blir råka av flaum.

Rosell trur ikkje Åse fekk ungar. Han har vore og sett etter dei, men berre sett nyfødde som høyrer til andre hytter.

– Bileta vi fekk, og måten vi fekk det til på gjer at vi kjem til å prøve igjen neste år. Eg har fått så mykje ny kunnskap av dette, men stadige nye spørsmål, innser han.

Neste år vil han prøve å finne eit beverpar lengre inne i skogen der det er mindre fare for at hytta blir fylt av flaumvatn.

Ein ting veit eg, eg kjem til å halde på med beverforsking til eg går i grava, seier Frank Rosell, og smiler.