Hopp til innhold

Kor norsk er det å gå på tur?

Terri Senior er frå Jamaica og kom til Norge i vaksen alder, og i motsetnad til dei fleste andre i liknande situasjon har ho tileigna seg den norske turmåten. Eller kor norsk er det eigentleg?

Terri Senior
Foto: NRK

Nett-tv: Nærtur med Terri Senior

Her finn du 10 andre turar

Å gå til fjells utan eit mål utover det å oppleve naturen og kanskje nå ein topp var det utlendingane som lærde nordmenn.

Norskare enn norskast

Seier ein William Cecil Slingsby er det mange som tenker fjellpioner i Norge, men han var britisk. No reknar vi det som norskare enn norskast å gå til fjells.

Terri fann ut at å bli med på tur måtte vere ein fin måte å få skikkeleg innpass i det norske samfunnet, og ho har ikkje angra.

Betaling på Sukkertoppen

Etter kvart har ho sett meir og meir pris på å gå på tur, gjerne slite seg litt ut for så til slutt å få «betaling» i form av ei fantstisk utsikt.

Terri Senior jobbar i dag for Møre og Romsdal Røde Kors, og går gjerne ein kveldstur til Sukkertoppen i Ålesund og veret kunne ikkje ha vore betre…

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kommenter gjerne denne turen (eller andre turar i same område) i kommentarfeltet under:

Til nrknatur.no