Hopp til innhold

Rekordregistrering av artar

2,2 millionar rapportar om nær 13 000 ulike artar i norsk natur blei samla i løpet av fjoråret. Det er ny rekord.

Kjetil Harkestad

– Etter arbeidstid ligg eg gjerne og kryp på alle fire i ei myr. Eg brukar veldig mykje av fritida mi på å finne ulike artar, seier Kjetil Harkestad.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Kjetil Harkestad innrømmer det, han er ein nerd når det kjem til natur. I fjor rapporterte han inn 601 ulike artar han fann ute. Registrerte dei med namn, kvar han såg arten, og gjerne med bilete.

Gåsenebbhval

Gåsenebbkvalen som blei funnen på Sotra i Hordaland, er ein ny art i Norge. Kvalen var sjuk, truleg av å ha ete plast.

Foto: Frederik Økland / NRK

– Eg var ganske aktiv i fjor, og brukar det meste av fritida mi i sommarhalvåret på dette. Det blir litt altoppslukande, fortel han.

Det florerer av levande skapningar ute i den norske naturen. Skulle du setje deg til å telje skal du kunne finne 44 000 ulike arter. Minst. 44 000 er dei ein veit finst der ute. Ekspertane meiner det kan vere så mykje som 16 000 fleire enn det. Artar som ingen enno har observert.

Oreempid

Den nordamerikanske spurvefuglarten oreempid blei for første gong observert i Skandinavia, på Kvitsøy i Rogaland i september.

Foto: Jan Kåre Ness
Anthrenocerus australis

1. desember i fjor fann Kjetil Harkestad denne minibilla, Anthrenocerus australis, i Bergen. Det er eit nytt funn i Norge.

Foto: Kjetil Harkestad

– Det var det som overraska meg mest då eg byrja med å rapportere inn funn, at det er så mykje vi framleis ikkje veit om vår eigen natur. Det gjer det endå meir motiverande å vera med og leite. Det blir som ei oppdagingsferd kvar gong ein er ute, fortel Harkestad.

Les også: Fuglen som ingen har sett i Norge før

25 prosents auke

Botryobasidium robustius

Soppen, Botryobasidium robustius, blei for aller første gong observert i Norge 17. oktober i fjor, i Mundalsdalen i Sogn.

Foto: Oddvar Olsen

Han er ein av over 10 000 nordmenn som har eigen profil på nettsida artsobservasjoner.no, der dei rapporterer inn funn. Aldri før er det blitt rapportert inn fleire funn enn i fjor; 2,2 millionar. Det er ei auke på 25 prosent samanlikna med 2015.

Til saman blei det registrert funn av 12 907 ulike artar.

– Dette er ein kjemperessurs. Dei som rapporterer inn er med på å vise mangfaldet i naturen i Norge, seier Toril Loennechen Moen, seniorrådgivar i Artsdatabanken.

Laster innhold, vennligst vent..

Fugleobservasjonar utgjer størstedelen av artane som blir rapportert inn, heile 81 prosent i 2016. Loennechen Moen forklarer det med at det er arter som er lett å få auge på og at det er eit stort miljø av ivrige fuglekikkarar som lærer opp nye interesserte.

Kjempar om topp-plasseringar

Toril Loennechen Moen i Artsdatabanken

Toril Loennechen Moen i Artsdatabanken.

Foto: Artsdatabanken

Sidan 2008 har nordmenn hatt denne moglegheita til å dela med staten kva dei ser i naturen. Etter ei oppdatering i 2015 blei det langt enklare å melde inn. Det er noko av svaret på rekorden i talet på rapportar i fjor, meiner Loennechen Moen.

– Og så kan det jo vera at nokon konkurrerer litt, at dei vil vera inne på topp-ti lista på ei av artsgruppene, meiner ho.

Laster innhold, vennligst vent..

Kjetil Harkestad tok topplasseringa i Hordaland i fjor, med sine 601 ulike artar.

– Eg har vore med frå starten, men det var etter oppdateringa kom at eg oppdaga kor kjekt det var å halde på med. No fungerer dette utruleg enkelt, og det er skapt eit fellesskap av brukarar som hjelper kvarandre å finna ut kva vi har funne av artar, seier Kjetil Harkestad.

Laster innhold, vennligst vent..