NRK Meny
Når nysnøen legg seg i fjella sig røya opp frå djupt vatn for å gyte på grunnene og da er garnfiskarane klare. Tove Fugelsnes er med på å trekke røyegarn I Fosterlågen i Gjemnes kommune saman med Nils Kristen Heggem. Monika Blikås møter norges ivrigaste artsfiskar Bjørn Florø-Larsen på Trollakaia i Trondheim.
Fruktavlingane i Hardanger er meir enn halverte i år, korleis går det ut over humøet til fruktbonden? Me får og veta at miljøregistrering gjev rikare natur og at lungenever kan minna om salat...