Då eg var mindre og gjekk til fjells, hadde vi alltid pause ved dette spesielle treet. Onklane mine har alltid vore veldig glade i å lure bror min og meg, så det var dei som fortalte meg at dette var eit rosintre. Difor tok bror min og eg med oss rosiner kvar gong vi skulle gå forbi treet. Nokre av dei åt vi, medan nokre planta vi i bakken attmed treet. Det var slik rosintreet vårt hadde vakse opp, det hadde onklane våre fortalt oss. Eg var ganske gammal før eg forsto at dei hadde lurt oss...
Foto: Silje Brekke