Hopp til innhold

Min sjuande vår var ute i naturen

Ragnar er seks år, og denne våren skal han vere i naturen meir enn nokon gong.

Hønsehauk
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Faren, Per Jarle Heggdalsvik, er naturfotograf og veit at det er masse å oppleve denne årstida.

Han tar med sonen rundt i ytre Romsdal, der det blir mange utfordringar å takle for 6-åringen.

I sovepose på «hemmeleg» holme

Det kjekkaste for Ragnar er alle turane, særleg å kunne overnatte i telt på den hemmelege holmen på Hustadvika.

Ragnar Heggdalsvik
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.
Ragnar med død fugl i fuglekassa

Slosskampen om fuglekassa endar i døden.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Det er kjekt å kunne mestre både kniv og øks. Slik kan ein skaffe ved og fyre bål. Når kvelden sig på og ein fortsatt kan vere ute, blir det ei spesiell stemning rundt bålet.

Og kanskje er det ikkje så skummelt å overnatte under åpen himmel?

Krig på terrassen

Heime på terrassen henger dei opp fuglekasser, og der kjem både kjøttmeis og svartkvit fluesnapper og vil ha same kassa.

Det blir det krig av. Den som vinn, legg egg og før opp ungar.

Alt dette kan Ragnar følgje med på, sidan faren har små kamera inne i kassa.

Frosker
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Andre program frå Ut i naturen-fotograf Per Jarle Heggdalsvik:

Ragnar Heggdalsvik
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.