Hopp til innhold

– Det er for seint å kome med alternativ no

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, reagerer kraftig på at Romsdalsaksen blir presentert som alternativ til Møreaksen.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner at vegprosjekt som konkurrerer med Møreaksen kan øydelegge for heile vegprosjektet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tysdag heldt selskapet Romsdalsaksen informasjonsmøte i Vestnes der dei presenterte eit alternativ til Møreaksen som dei meiner er ei betre løysing.

Møreaksen er byggeklar og er behandla i ei rekkje politiske instansar. Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner det er for seint å kome med eit alternativ no.

– Eg synest det er useriøst å kome med eit innspel frå sidelinja på dette tidspunktet. Møreaksen er klar til bygging og vi jobbar intenst for å få prosjektet inn i nasjonal transportplan. Då kan vi ikkje akseptere at det kjem slike utspel som forstyrrar arbeidet no i innspurten, seier ho.

To alternativ

Møreaksjen er eitt av dei sju vegprosjekta som er ein del av ferjefritt E39, og skal redusere reisetida mellom Ålesund og Molde. Det er kryssing av Romsdalsfjorden som har førsteprioritet, med undersjøiske tunnelar og lang bru over Julsundet. Prosjektet er ferdig regulert, men har ikkje fått middalar til oppstart.

Romsdalsaksen meiner derimot at kryssing av Romsdalsfjorden bør skje oversjøisk og at traseen ikkje skal gå gjennom tettbygde område i Vestnes og Molde.

– Men kan ein ikkje jobbe politisk heilt fram til vedtaket er gjort?

– Jo, men dette er rimeleg seint. Når alle vedtaka er fatta, så er det mykje som skal til før ein gjer om på desse, seier Ytreberg.

Romsdalsaksen

Den blå stripa er Romsdalsaksen og den røde er Møreaksen.

Foto: Illustrasjon over Romsdalsaksen

– Kan øydelegge

Ho meiner lokal semje kan vere avgjerande for slike saker og at konkurrerande prosjekt kan øydelegge for realiseringa av Møreaksen.

Hanne Moldver Salthammer

Ein av initiativtakarane til Romsdalsaksen, Hanne Salthammer, meiner at Romsdalsaksen er eit fornuftig alternativ.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Ein kan risikere at Møreaksen blir utsett og at den ikkje kjem inn i nasjonal transportplan. Dette er ikkje tida for omkampar. Vi må stå samla om Møreaksen slik vi har gjort fram til no og så må vi legge det andre prosjektet dødt, seier Ytreberg.

Ein av initiativtakarane til Romsdalsaksen, Hanne Salthammer, meiner derimot at Romsdalsaksen er eit fornuftig alternativ.

– Det er ikkje Romsdalsaksen som kjem til å velte Møreaksen, men heller høge kostnader og uvisse kring prosjektet. Er Møreaksen eit godt nok alternativ blir dette realisert uansett, seier ho.

– Ikkje tida for omkamp

Også ein samla Mørebenk stiller seg bak Møreaksen, og meiner det er alternativet ein no må satse på.

– Dette er ikkje tida for omkampar. Mørebenken stiller seg bak den valde løysinga for kryssing av Romsdalsfjorden. No handlar det om å få middel til oppstart av eit viktig prosjekt som vil binde fylket vårt tettare saman og bidra til auka verdiskaping, skriv dei i ei pressemelding torsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL