– Nei, no må eg fremst på den forbanna dritferja igjen. Ja ja, da må eg berre køyre fram og få ein salt dusj.
Atle Vatne er lei av alt vatnet som velter over frontruta på den 50 tonn tunge tankbilen. Medan han pratar med NRK blir han plassert heilt framme ved baugen – i det som nok er fylkets mest kontroversielle ferje.
No meiner fleire at Vegvesenet må krevje større tryggleik for folk, før det skjer ei alvorleg ulykke.
Sjøsprøyt
Tankbilsjåføren seier den stadige sjøsprøyten gir eit salt lag over ruter og spegel.
– Du kjem i land i Molde sentrum og må gjennom dei tronge gatene fulle av folk. Sola skin og saltet turkar på ruta. Kor skal du få gjort den rein? Når ein blir så drukna som det her, er tørkepapir sjanselaust, seier Vatne.
Opptil fire gonger om dagen kryssar han fjorden fullasta av diesel og bensin. Han meiner at mange yrkessjåførar verken har tid eller egna stad til å finne fram kost og vaskevatn. Eller å køyre omvegar for å få folk til å vaske.
– Enkelte seier at me bur på Vestlandet, og at sjø, bølgjer og vind er ein del av livet. Men i gamle dagar bygde ein båtar som heldt sjøen på utsida – no ser det ut som det er effektiv lossing og billig drift gjennom sjøen som er dei einaste kriteria, meiner Ørsta-mannen.
BEKYMRA: Atle Vatne fryktar for tryggleiken til folk langs fjorden.
Foto: Privat: Atle Vatne– Ikkje lenger skipper på eiga skute
Vatne meiner anbodskrava mest handlar om punktlege avgangar og økonomi. Og at dei store, utanlandske konserna som driv ferjer i Noreg er for lite opptatt av service og tryggleik.
– Eg kjenner mange ferjetilsette som klagar på dette, utan at dei vil siterast – dei vil jo halde på jobbane og pensjonen. Uttrykket «skipper på eiga skute» blir utvatna når du er underlagt økonomar på store reiarlag som berre har fokus på botnlina.
MF SELBJØRNSFJORD: Fallemen er berre på 1,5 meter.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKInga krav til baugport
Statens vegvesen har ansvaret for ferjene på riksvegane. Det fortel at det ikkje er konkrete krav på baugport, og at båtane kan velje mellom 1,5 meter og 2,7 meters høgde.
– Det er opp til ferjeselskapet at ferjene passar til sambandet og dei vêr og sjøtilstandar som kan oppstå, seier fungerande avdelingsdirektør Anders Sæternes.
Han er ikkje einig i at Vegvesenet sett større krav til punkligheit enn til tryggleik og brukaranes behov.
– Me brukar vesentleg meir plass i kontrakten til passasjerfasilitetar og utforming enn til punktlegheit. Men det er viktig at ferjene går til rett tid, seier Sæternes.
– Set tryggleik først
Ferjeselskapet som vann anbodet på strekninga Molde-Vestnes er Boreal, eigd av den kinesiske stat. Dei avviser at dei er mest opptatt av pengar.
– Sikkerheit kjem alltid først i Boreal. Våre dyktige mannskap har omfattande erfaring i ruteområdet, og vil alltid justere kurs og fart i samsvar med vind og sjøgang. Det kan likevel komme sjødrev under enkelte vindforhold, skriv Jon Kristian Fadnes i Boreal.
FINVÊRSFERJE: Den låge og upopulære MF «Selbjørnsfjord» gjer seg godt på blikstille dagar.
Foto: Roar Johnny Strøm / NRKFerja det har komme inn flest klager på er MF Selbjørnsfjord med ein lem på 1,5 meter. Den vil snart bli bytta ut, ifølge selskapet.
– Kvardagen har blitt farlegare
Tankbilsjåfør Atle Vatne er ikkje oppglødd av svara frå Vegvesenet og Boreal.
– Denne båten ikkje fungerer sjølv med flatt hav, og ferja som skal erstatte henne har om lag same baugform. Det blir berre marginalt betre. Kvardagen for folk langs fjordane har blitt farlegare med desse ferjene, seier han.