NRK Meny
Normal

Yngste festspeldiktar nokon gong

Olaug Nilssen (Foto: Jens Helleland Ådnanes)

Olaug Nilssen blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela neste år.

27-åringen blir den yngste festspeldiktaren sidan Festspela første gong blei arrangert i 1992.

Nilssen kjem frå Førde, og debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998.

Festspela grunngir valet med at dei ønskte ein festspeldiktar som kjem til å prege norsk litteratur i framtida.