NRK Meny
Normal

Ylvis kjem til «jazzen»

Moldejazz-sjefen er svært nøgd med å få Ylvis-brørne til sommarfestivalen.

Ylvis

Ylvis-brørne skal først spele på scena på Romsdalsmuseet torsdag den 17. juli.

Foto: Scanpix/Aschehoug

På ein pressekonferanse onsdag kom Moldejazz med det andre store artistsleppet. Ylvis og Sivert Høyem er klare for å spele under årets jazz-veke.

Ylvis-brørne skal først spele på scena på Romsdalsmuseet torsdag den 17. juli, før Sivert Høyem tar over.

«Med Ylvis-brødrene i toppform og et musikalsk eventyr for voksne med Zappa-legenden Tommy Mars på laget, albumaktuelle Sivert Høyem, Grammy-vinnende Snarky Puppy, hardtslående Elephant9, radbrekkende Swedish Azz, én og annen punker og den nye, norske jazz-sensasjonen Pixel på plakaten, er det duka for leken, musikalsk moro på Moldejazz 2014», skriv Moldejazz på sine nettsider.

– Tar populærkultur på kornet

Anders Eriksson

Moldejazz-sjef, Anders Eriksson.

Foto: Øyvind Arvola

Moldejazz-sjef Anders Eriksson var den som presenterte artistane som skal spele på dag nummer to.

– Ylvis-brørne er utruleg dyktige musikarar i tillegg til å ta populærkultur på kornet, seier Moldejazz-sjefen.

Ylvis kjem med 11 musikantar, blant dei er Jonny Sjo frå Molde, som til vanleg spelar i D'sound.

Zappa-legende til Rosenes by

Måndag, tysdag og onsdag blir det eventyr for vaksne i Alexandrakjelleren. Jon Larsen har samla eit musikarlag for å framføre høyrespelet «Willie Nickersons Egg».

– Det er utruleg kult at Jon Larsen, med sitt Willie Nickersons Egg-prosjekt, har greidd å lokke ein av dei verkelege legendene frå Frank Zappas The Mothers of Invention, Tommy Mars, til Molde. Han har ikkje vore på europeisk jord sidan Zappas død.

Noko for alle

For dei som ikkje er gamle nok til å ha opplevd Frank Zappa, er festivalsjefen nøgd med å ha fått på plass satiresensasjonen Ylvis-brørne.

– Her har vi noko for heile familien. Ikkje nok med at Ylvis-brørne er dyktige musikarar, men dei tar også dagens populærkultur og musikk på kornet. Betre musikalsk satire skal du leite lenge etter, seier Eriksson.

– Dagen kan vanskeleg bli betre når ein av vår tids norske headliner, plateaktuelle og kritikarroste Sivert Høyem tek over scena seinare på kvelden.