Veøya

Det var ikkje gitt at ein danske skulle bli Noregs konge i 1905

Veøy kyrkje og prestegard

Ein kandidat var William Coucheron-Aamot

William Coucheron-Aamot

Offiser frå den kinesiske marinen, med slektstre «rakt opp» til Harald Hårfagre

Mads Langnes fiklar med låsen til mausoleet på Veøya

Den rette kongen

Den rette kongen

Nøkkelen glir noko overraskande rundt i hengelåsen til gravkammeret. Historikar Mads Langnes opnar varsamt døra inn i det heimelagde mausoleet. Me er spente på kva som møter oss.

Folk i Romsdal fortel stadig om William Coucheron-Aamot. Han skal visstnok ligge her på sprit. Nokre seier han ligg på lake. Andre meiner han er balsamert.

Det er i alle fall sikkert at han var spesiell. Han lyste personleg krig mot Tyskland i 1913 – eitt år før første verdskrig. Han køyrde slåmaskin på åkeren i svart dress, kvitskjorte og kvite hanskar. Han var ven med Bjørnson, Ibsen, Nansen og Noregs mektigaste menn.

Og blei altså foreslått som ny konge av Noreg i 1905.

Mausoleet på Veøy

Mausoleet på Veøy.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Tidenes søndagsselskap

I juli 1905 skreiv avisa Jordbrugeren det tydeleg:

«Er man ikke længe nok belært af disse fremmede norske Konger? Hvad andet end unationale har de været lige fra Magnus 5 til kong Oscar den anden?»

Avisa var lei av «unasjonale» svenske og danske kongar. Den ville riste av seg ein 500 år lang søvn, og såg tilbake til den norske stormaktstida.

Redaktøren i den vesle avisa frå Romsdal leita fram kongsemne. På storgarden Tofte ved foten av Dovrefjell fann han ein som skulle ha slektsrekke direkte frå Harald Hårfagre.

Problemet var at det var ein gut på 12 år.

Neste kandidat var William Coucheron-Aamot.

William Coucheron-Aamot rundt 1905

William Coucheron-Aamot rundt 1905.

Foto: L. Szacinski

Han var fødd i Stavanger med aner frå både norske embetsmenn og fransk adel. 22 år gamal drog han for å jobbe i det fjerne Austen. Som marineoffiser på ein kanonbåt hos tollvesenet i Kina. Eit land dei færraste visste noko anna om enn det misjonærane hadde fortalt: Opium og elende.

Etter to år og ein «udflugt til Peking og den store mur, over Japan og Amerika» drog Coucheron-Aamot heim til Noreg for å stifte familie.

Nå blei han ein rå nettverksbyggjar.

25-åringen blei nemleg bedd på landets viktigaste middagsselskap av Bjørnstjerne og Karoline Bjørnson. Dei ville høyre siste nytt om sonen Einar, som også var i Kina på denne tida.

I Drammensvegen i Oslo, hos fru Maren Sars, syster av diktaren Welhaven, var det selskap kvar einaste søndag. Av typen Aschehougs hagefest møter Davos-eliten. Rundt middagsbordet satt Ibsen, Bjørnson, Kielland, Nansen, Edvard Grieg, statsminister Blehr, samfunnstoppar og professorar. Dei åt, drakk, røykte og prata kunst og politikk.

Som Coucheron-Aamot sjølv sa det til Dagbladet:

«Hver søndag samlet hun 50-60 av de mest fremtredende representanter for kunst, åndsliv og politikk. Fire av de viktigste statsrådene, fire av de viktigste stortingsmennene. Så var det Ibsen, Kielland, Bjørnson og jeg.»

På tampen av 1800-talet var det særleg eitt tema gjekk igjen i salongen til fru Sars:

Å bli kvitt svenskane. Norsk sjølvstende.

Vikingbyen Veøya

På Veøya er det stille denne solfylte dagen i november. Heilt stille. Ikkje så mykje som eit fuglekvitter.

Det er umogleg å tenke seg tilbake til da dette var ein av dei 14 byane i Noreg. Øya er berre 1 km². Her budde fleire hundre innbyggjarar.

Veøy prestegard

VEØY: For 800 år sidan var dette ein av berre to byar mellom Bergen og Trondheim.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK


No er her heilt tomt.

Det var nok det historiske aspektet William Coucheron-Aamot falt for, da han under ein av sine mange foredragsturnear slumpa over prestegarden som var for sal. Førti meter frå det staselege hovudbygget ligg Veøy kyrkje frå 1100-talet. 15 meter frå kjøkenvindauget står ein bauta for kong Håkon Herdebrei, som falt under slaget i fjorden her i 1162.

Kong Håkon Herdebrei

KONGSBAUTA: Kong Håkon Herdebrei blei berre 15 år (1147-1162).

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Coucheron-Aamot kjøpte prestegarden på dagen. Han sendte telegram heim til kona og småbarna i Drammen: «Jeg har kjøpt en gård på en ø i Romsdalsfjorden. Vi flytter om en måned.»

Så gjekk han i gang. Den forfalne garden skulle bli eit europeisk gods. Han teikna våpenskjold, bygde tårn på taket, festa sabel og sverd på veggen – og henta flotte dyr frå utlandet. Både hare, kanin, fasan og rådyr blei satt ut.

Dyra skulle ikkje jaktas på, men den vesle øya skulle bli ein fristad for både innførte dyr – og dyr som flykta frå «fastlandets Lystjægere».

Deretter sendte han ut pressemeldingar til lokalpressa. Med stamtreet sitt. Året var 1905.

«Den personifiserte unionsoppløysing»

Avisa Jordbrugeren trykte den påståtte slektstavla. Den var som ein kjendisfest frå Noregshistoria.

Halvdan Svarte, Ragnvald Mørejarl, Håkon Jarl, Magnus Lagabøte, fru Inger til Austråt – og ikkje minst: Harald Hårfagre.

«Slægten er en direkte Nedstamning baade fra den gamle norske Høiadel og fra selve Harald Haarfagre.»

Direkte etterkommar i 34. ledd etter Noregs første konge. (Det blei fokusert mindre på at han i 33. ledd slekta etter Eirik Blodøks.)

Det kunne vel knapt finnast eit meir høveleg kongsemne?
William Coucheron-Aamot hadde til overmål ein son med kongsnamnet Haakon.

TA 1905

ADRESSA: Tre månader før valet av ny konge kunne folk i Trondheim lese om det spenstige forslaget. Faksimile: Trondhjems Adresseavis, søndag 27. august 1905

I 1948 drog journalist Arne Hestenes i Dagbladet heilt frå Oslo til vesle Veøya for å portrettere den 80 år gamle jubilanten. Som gjorde lite for å tone ned ettermælet som nesten-rojal.

«Jeg kunne blitt Norges konge!» står det i opninga av intervjuet. Dagbladets legendariske journalist fortset med majestetiske beskrivingar.

«En smal nedsunken dør åpner seg i rustne knegg, det grå lysgløttet blir bredere. Og plutselig står han der i døra – William Coucheron-Aamot, gjengangersk overumplende i sin vide svarte bonjour og det rikelige skjortepanseret under det gule slipset. Døra går i med det gisp. Han bøyer hodet umerkelig.
(…)
Mustasjen under den betvingeriske nese er voksglatt tvunnet ut i luften i sylspisse floretter. Den personifiserte unionsoppløsning.»

Kongen på Veøy, Dagbladet 1948

Faksimilie: Dagbladet 8. mai 1948

Fjorten dagar seinare døydde William Coucheron-Aamot. Og blei gravlagt på eit vis som sømma seg ein nesten-konge.

Privat krig mot Tyskland

Me går inn i den staselege prestegarden på Veøya. Det er som tida har stått stille sidan godseigaren sovna inn i mai 1948. Den enorme bygninga blei i nokre tiår brukt som feriehus av familien, før det blei donert til Romsdalsmuseet.

Her har det budd ein verdsborgar.

På veggen i stua heng ein bit av Den kinesiske mur, ifølge teksten i ramma. På soverommet eit skjermbrett med kinesisk kunst. På stuebordet ligg bøkene «Gjennem de Gules Land» og «Krigen i Østasien». To av Coucheron-Aamots bestseljarar.

Kinesiske mur Coucheron-Aamot

Veggen er utført av eit lite stykke kinesisk mur.

Kinesisk skjermbrett for omkledning.

Kinesisk skjermbrett for omkledning

Coucheron-Aamot 1800-talshumor

Sabel, sverd og 1800-talshumor på veggane.

Kvartetten kong Haakon, Roosevelt, Churchill og Stalin. Coucheron-Aamot.

Kvartetten kong Haakon, Roosevelt, Churchill og Stalin på skrivebordet.

Bestseljarane "Gjennem de gules land" og

Bestseljerane «Gjennem de gules land» og «Krigen i Østasien".

"Fra den kinesiske Mur til Japans hellige Bjerg"

Ei side i «Fra den kinesiske Mur til Japans hellige Bjerg».

Det var asiatisk kultur han formidla på dei mange tusen foredraga sine. Og norsk historie, med tema som Karl den tolvte, Grønland og Gyldenløve-feiden.

Rett etter jol- og nyttårsfeiring drog han avgarde med blytunge koffertar på turne heilt til påske. Han tok 50 kroner foredraget, og talte gjerne i tre timar – ikledd pingvin-smoking, gummisko, med vokset og sylspiss mustasje. På hausten var det ny lang turne.

«Når han heldt føredrag vandra han fram og tilbake og gjorde gjerne små hopp for å understreke sine påstandar» skriv Terje Thingvold i «Veøyboka».

Foredrag

KONGEN AV FOREDRAG: William Coucheron-Aamot tok 50 kroner i honorar for foredraget, men halv pris heime i Romsdal. Dessutan måtte publikum betale nokre øre. Her frå eit show i Halden i 1934.

Hans eigne notat seier at han heldt til saman 5211 foredrag frå 1893 til 1939. Opptil 170 reisedøgn i året. Men foredraga gav ikkje bare klingande mynt i eit skrint gardsrekneskap. Dei gav også krig.

Etter eit foredrag i Nord-Tyskland blei Coucheron-Aamot utvist, sidan han ikkje kunne vise påkravde papir. Da den prøyssiske regjeringa ikkje lytta til krava hans om ei offentleg orsaking, kom det ei pressemelding frå Romsdalsfjorden:

«Coucheron-Aamot erklærer Prøisen økonomisk krig».

Ein handelsblokade mot eit av Europas to mektigaste land. Tyske skip blei bannlyst frå å leggje til på den vesle Veøya. Eitt år seinare starta første verdskrig, utan at historikarar har sett dei to hendingane i samanheng.

Akkurat da var det kanskje like greitt at William Coucheron-Aamot ikkje var Noregs konge.

Krig 1914

KRIGSERKLÆRING: Dagbladet kom med «nyheita» i januar 1914. Allereie i mai 1913 kunne Drammens Dagblad melde: «Coucheron-Aamot tar en fryktelig hævn ovenfor Tyskland».

– Noreg hadde ein eineherskar

På sine eldre dager hevda Coucheron-Aamot at gjengen hos fru Sars i 1895 sverja på at dei skulle få oppløyst unionen innan ti år. I ettertid hadde han store tankar om prosjektet og venene sine.

«Vi styrte Norge helt eneveldig. Ingen diskusjon. Annen hver tirsdag møttes en del hos Eilif Pettersen. Representanter for alle politiske partier. Også Henrik Ibsen var der. (...) Han satt ved bordet og drakk rødvin, så kunne jeg spørre ham: Blir det noe problem i deres neste bok? - Vi må ha noe jævelskap imellom, svarte han. Garborg stirret mest opp i taket. Han hadde røde øyne. Men Hulda elsket ham. Vi var Norge. Jeg sier: Vi var Norge!».

Nåvel.

Historikar Trond Norén Isaksen har skrive seks bøker om monarkiet og ei avhandling om kongevalet i 1905.

– Joda, krinsen hos familien Sars var viktige. Dei tilhøyrde helst partiet Venstre, og på denne tida var det ein del overlapping mellom kulturfolk og politikk.

Isaksen drar særleg fram Bjørnstjerne Bjørnson og sonen til fru Sars, historikar Ernst Sars.

– Men dei styrte ikkje. Det er slikt ein kan komme med når ein førti år seinare sit og vrøvlar til Dagbladet.

Trond Noren Isaksen

KONGEVITAR: Trond Norén Isaksen.

Foto: Gitte Johannessen / NTB Scanpix

Isaksen peiker på ein person som verkeleg styrte Noreg i 1905. Statsminister Christian Michelsen.

– Michelsen var praktisk talt eineherskar i 1905. Nokon kalte det eit opplyst einevelde. Han var berre statsminister frå 1905 til 1907. På den korte tida fekk han gjennom alt han hadde planlagt. Noreg braut unionen med Sverige og beheldt monarkiet – med den ønska kongen.

Det var ikkje William Coucheron-Aamot.

Dynastiet for fred

Det hadde i skjebneåret blitt dratt fram mange kandidatar til den norske krona.

Frå Sørlandet blei det hevda at ein jarl frå Orknøyene skulle vere den rettmessige kongen til Noreg. Fleire tyske prinsar, ein ungarsk fyrste og hertugen av Augustenborg blei foreslått.

Det var jo sterkt nasjonale vindar som bleste over Noreg på denne tida. Så kvifor ville ikkje Stortinget ha ein heilnorsk konge med påståtte røter tilbake til vikingkongane?

– Ein nordmann ville ikkje gitt oss nokonting som helst. Dette var jo den dynastiske tiden da ein tenkte at slektskapet mellom kongehusa rundt i Europa ville sikre fred. Hadde dei valt republikk ville det blitt sett på som revolusjonært. Med ein innfødt til konge frykta dei å hamne utafor det europeiske nettverket, seier Trond Norén Isaksen.

Ein mislukka forlauper til EU der altså.

Victoria

FAMILIEFOTO: Dronning Victoria (midten) med ein del av sine 42 barnebarn i 1877. Victoria var dronning av det britiske imperiet frå 1837 til 1901, og har i dag etterkommarar som Elizabeth II, Harald V i Norge, Carl XVI Gustaf av Sverige, Margrethe II av Danmark og Felipe VI i Spania.

Foto: Niday Picture Library / Alamy

Det gjekk som det ofte går. Den med dei beste kontaktane fekk jobben.

Sveriges kongehus ønska ikkje at den svenske prins Carl blei ny monark i Noreg. Dermed gjekk tilbodet til den danske prins Carl.

Han hadde ein far som snart var konge i Danmark, ein svigerfar som var konge i Storbritannia og ein grandonkel som var konge i Sverige (og fram til unionsoppløysninga same år også i Noreg).

Det var meir enn det lange slektstreet William Coucheron-Aamot hadde teikna opp.

I november 1905 telegraferte prins Carl til Stortinget at han ville skifte namn til Haakon, og ta med seg kone og son på kongeskipet til Noreg.

Heime på Veøya satt vår mann skuffa igjen.

«Jeg ble ikke konge. Før (unions) oppløsningen fant sted hadde det vært stor splittelse i det Sarske hjem. Jeg hadde fått 17 stemmer. Som konge. Det var prøveavstemning i 1904. Jeg stammer jo i 29 ledd fra Olav den Hellige. Men så endret jo kong Edwards forhold hele situasjonen. Christian Michelsen satte jo fram et ultimatum: dansk konge eller republikk. Folk jeg vet ville ha stemt på meg under andre forhold. Siden har jeg hatt forakt for politikk.»

Inne i gravkammeret

Låsen går opp. Det knirkar i tredøra. Me trer inn i krypten.

Det gir litt den same kjensla som å stige ned i grava til Tutankhamon. Jo da, det er forskjell på 3300 år og 72 år. Og forskjell på Kongenes dal og ein sementbunkers på Veøya.

Men eit gravkammer er no eit gravkammer.

Inga lukter. Inga lydar.

Dagslyset sig inn og hjelp auga våre.

Her i krypten er det vegg- og takmaleri, akkurat som i Luxor. Det er blått på veggane og tak. Litt flassa. Jesus vaktar bak steinsarkofagane med familiens namn og årstal på.

Eg hadde kanskje sett for meg noko som minna om kunsten til Damian Hirst, den med ei ku og kalv i eit stort monter med formalin. Men her inne er det inga stort glas med vår mann på lake. I staden er her ein sarkofag av stein. Som i Egypt og Kongenes dal.

– Eg skal ikkje uttale meg om konserveringsmetodane frå midten 1900-talet, men dette vitnar om ei slags balsamering, fortel historikar Langnes.

Det føyer seg inn i tradisjonane på øya. På kyrkja førti skritt unna unna ligg det framleis framståande folk frå 1600- og 1700-talet, inntørka i kistene sine under kyrkjegolvet.

Krypten

GRAVKAMMER: Familien til William Coucheron-Aamot kan fortelle at han blei balsamert, og lagt til kvile kledd i uniforma frå marinen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Planen her inne var italiensk marmor og edlare materialar enn sement. Men økonomiske vurderingar skalerte det ned, seier Langnes.

Historikaren meiner at William Coucheron-Aamot dels har fått eit misforstått rykte.

– Han har fått ettermæle som ein eksentrisk bygdeoriginal. Nyare forsking har vist at han nok hadde ei viktigare rolle enn me hadde trudd, hevdar Langnes.

Familien anslår at han talte til godt over 100.000 menneske i si tid. Og skreiv eit titals bøker. Professor i kinesisk Rune Svarverud meiner Coucheron-Aamot var viktig for å endre det mørke biletet som var teikna av Kina.

– Eg vil seie han var særs viktig, kanskje til og med avgjerande, for norsk forståing av Kina og kinesisk kultur på starten av 1900-talet, seier Svarverud.

– Eit festleg kongehus

William Coucheron-Aamot var størst tronefavoritt hos avisa Jordbrukeren – og seg sjølv. Svigerdottera Gudrun sa i eit intervju med NRK i 1992:

– Unnskyld at eg seier det, men han leid av stormannsgalskap.

Men det jo eit artig spørsmål, og spekulasjonar rundt kongelege er i vinden etter tv-serien «Atlantic Crossing».

Kva om Noreg hadde valt William Coucheron-Aamot til konge?
Kvifor var ikkje han den rette kongen?

– Noreg hadde blitt diplomatisk utafor, og utan banda til Storbritannia. Det var jo eigentleg ikkje kongen me valte, men den britiske prinsesse Maud til dronning. Sjølv om det ikkje skulle bli snakka om, seier historikar Norén Isaksen.

Tanken var altså at Noreg hadde sikra seg britisk tryggleik og fred ved å bli med i det kongelege slektstreet. Den illusjonen blei knust ni år seinare da Georg V av Storbritannia brått var i storkrig mot og med sine to fetterar keiser Vilhelm II av Tyskland og tsar Nikolaj II av Russland.

Historias blodigaste familiefeide kravde 18 millionar liv.

Historikar Mads Langnes ved Romsdalsmuseet trur det hadde blitt interessant med Coucheron-Aamot som konge.

– Det hadde i alle fall blitt eit festleg kongehus utover 1900-talet. Samtidig var han jo veldig historiebevisst og levde på mange måter i sagatida. Han ville vore veldig klar på at ein konge måtte representere landet utad, og hadde ikkje gjømt seg bort på Veøya, humrar Langnes.

– Og heller ikkje han hadde vore tyskarvenleg?

– Nei! Men han hadde evna til å tilgje. Så hadde han fått audiens hos den tyske keisaren, hadde nok handelskrigen hans fort blitt avblåst.

WCA

NÆR MAJESTETISK: Fredagsutflukt på Veøya i juni 1936. Det er lita tvil om kven som er William Coucheron-Aamot.

Foto: Privat/Romsdalsmuseet

Hei!

Har du tips om forsvunnede UFO-dokument eller andre X-filer? Ta gjerne kontakt!

Om du kjedar deg i påska kan du gjerne sjekke ut andre småmystiske saker eg har skrive, slik som Den nye ubåten? eller Tom Cruise-effekten.