Ninwali Finnøy med vårrullar
Foto: Remi Sagen / NRK

Då vårrullen kom til bygda

I salsboder rundt om i heile Noreg står kvinner frå Thailand og sel grillspyd og vårrullar. Thaimaten er deira veg inn i arbeidslivet.

Bølgeskvulp. Måseskrik. Lukta av hav og sterkt krydra thaimat. På ein gruslagt parkeringsplass på småbåthamna på den vesle øya Finnøya i Romsdal, står ei lita bod på hjul. Ikkje eit menneske er å sjå anna enn 24 år gamle Ninwali Finnøy som opna thaigatekjøkken i den vesle boda for fire månader sidan.

– Det var eit sjokk å kome til ei så lita øy, der det var så kaldt. Eg tenkte først at eg ville dra tilbake til Thailand, ler Ninwali. Ho kjem frå Buriram i Thailand og gifta seg med Daniel Finnøy i 2013. I løpet av dei åra ho har budd i Noreg, har ho gått på mange norskkurs. Daniel er fiskar og difor er Ninwali åleine store delar av året. Det er ikkje flust av arbeidsplassar i industrikommunen Sandøy for ei kvinne utan utdanning, og 24-åringen kjeda seg heime.

– Eg måtte finne på noko å gjere. Det var svigerinna mi som foreslo at eg skulle selje thaimat. Ho meiner maten min er så god, fortel Ninwali. Golvet i vogna ristar kvar gong ho opnar kjøleskapet. På steikepanna ligg kyllingbitar og breser.

Framleis er det ingen folk å sjå på den aude parkeringsplassen, men på telefon kjem bestillingane på vårrullar og pad thai inn. Bygdefolket veit at thaiboda er open tre dagar i veka, og kjøper gjerne lunsj eller middag her.

– Når det kjem mange bestillingar på ein gong, blir eg litt stressa, smiler Ninwali. Ho har nettopp vore ei heil veke på kurs for å lære om hygiene.

Ninwali Finnøy

Ninwali Finnøy er gift med ein fiskar, og er åleine store delar av året.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ex-ordførar sel thaimat

På ein annan parkeringsplass, i Skodje kommune på Sunnmøre, er Matthanee Vadset i full gang med matlaginga. Saman med ektemann og tidlegare ordførar, Terje Vadset, har ho starta thaigatekjøkken på hjul. Ho kjem frå Khonkaen i Thailand og har 25 års erfaring frå restaurantbransjen både i heimlandet og i Malaysia. Planen var å lære seg norsk, men ho slutta på norskkurset for å selje thaimat. Ideen fekk ho frå søskenbarnet som driv campingplass og gatekjøkken på Nordmøre.

– Det beste eg kan gjere i Noreg er å lage thaimat, seier Matthanee på engelsk. Ho snakkar svært lite norsk. Kollegaen, Nanthida Søholt, som også jobbar i thaiboda, tar seg av snakkinga når det kjem kundar.

Parkeringsplassen ligg midt i eit industriområde, med matbutikk og bensinstasjon. Terje Vadset veit at det er ein litt underleg plass å stå, men kundane kjem frå fjern og nær for å kjøpe thaimat.

Terje Vadset og Matthanee Vadset

Terje Vadset og Matthanee har kvar sine oppgåver i boda. Han kallar seg logistikksjef.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vadset kallar seg logistikksjef i verksemda og ordnar med alt det praktiske, som bestilling og henting av varer, påfyll av gass og reingjering.

– Det er ikkje enkelt å få seg jobb for dei som kjem frå Thailand. Dei har ofte lite formell utdanning, seier Vadset. Sjølv har han vore bedriftsleiar i årevis og veit kor viktig det er at dei tilsette snakkar norsk. Mange bedrifter set også krav til utdanning. Då Matthanee kom til Noreg for eitt år sidan, var planen å ringe rundt til restaurantar i området for å høyre om dei hadde bruk for ei driftig dame med brei erfaring. Så langt kom ho aldri. No drøymer i staden Matthanee stort.

– Eg vil gjerne starte min eigen restaurant, seier ho og smiler. Restaurantane ho har jobba for tidlegare, er langt meir elegante enn salsboda på Digernes. Måten ho pyntar thairettane på, gir kanskje kundane eit lite hint om at ho likar detaljar. Gulrøtene skreller ho og former som roser.

– Eg har sagt at ho ikkje treng å bruke tid på å lage roser, men ho har bestemt at slik skal det vere, ler Terje Vadset.

Matthanee Vadset

Matthanee Vadset har 25 års erfaring frå restaurantbransjen. Ho har gatekjøkken på Digerneset i Skodje. Kollegaen Nanthida Sæholt pratar norsk og tar opp bestillingane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Språk er utfordring

– Det blir berre fleire og fleire buer med thaimat og det skaper mangfald for dei som vil ha eit mattilbod. Forhåpentlegvis er det ein god leveveg for dei som startar, seier Tove Gusta, seniorrådgjevar i NAV Møre og Romsdal.

Ho jobbar mykje med utlendingar som kjem til Noreg for å få seg jobb. Dei har ofte store utfordringar med å tilpasse seg krava til den norske arbeidsmarknaden, både med språk og kultur. Det at det finst færre jobbar for dei som ikkje har utdanning, gjer at enkelte heller vel å starte eigne bedrifter.

– Det er mykje å sette seg inn i som næringsdrivande, så det å ha ein norsk partnar som kjenner dei lokale forholda og kan språket, er sikkert ein fordel for mange, seier Gusta.

Ho synest det er tøft gjort at så mange kvinner frå Thailand tar sjansen på å bygge sine eigne arbeidsplassar.

Vinden skaper trøbbel

Napha Saen-Uan driv gatekjøkkenet Rotsabieng

Då Napha Saen-Uan kom til Ålesund var ho fast bestemt på å starte sitt eige utsal av thaimat.

Foto: Remi Sagen / NRK

Også på torget i Ålesund er det thaimat å få. Der bles det ofte så kraftig at Napha Saen-Uan og Ståle Gjelsten ofte må bardunere fast boda. Det hender også at dei må halde stengt på grunn av vinden. Etter snart 3 år i ei salsbod, startar dei snart ein liten kafe innandørs.

– Då eg kom hit var draumen min å selje thaimat, seier Napha på stotrande norsk. Medan ho pratar, gløttar ho bort på ektemann for å forsikre seg om at orda vart riktige. Napha vurderte aldri å søke på jobb i Ålesund. Ho var fast bestemt på å starte for seg sjølv. Ståle Gjelsten driv sitt eige transportfirma og han trur det har vore ein fordel å ha kunnskap om det å vere næringsdrivande.

– Eg trur det er nesten umogleg å gjere seg kjent med lover og reglar i Noreg for ein utlending som skal starte for seg sjølv, utan å få hjelp, seier Ståle. Det er Napha som driv salsboda, men han er innom med jamne mellomrom for å hjelpe til.

– Nordmenn likar thaimat, seier Napha.

Napha Saen-Uan og Ståle Gjelsten driv Rotsabieng

På torget i Ålesund står Napha Saen-Uan og Ståle Gjelsten. Det hender at dei må halde stengt dersom det bles kraftig.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ventar på turistane

Arne Nogva

Arne Nogva likar at folk med initiativ flyttar til kommunen. Han kjøper gjerne thaimat til lunsj på fredagar.

Foto: Remi Sagen / NRK

På småbåthamna på Finnøya har Ninwali gjort klart ei bestilling til sju arbeidskarar som har bestilt fredagslunsj. Arne Nogva er den som hentar maten.

– Det er mykje betre med god thaimat enn tørre knekkebrød med brunost, erklærer Nogva. Han forstår at det er vanskeleg å få jobb for Ninwali sidan arbeidsmarknaden i kommunen er mannsdominert. Dei fleste jobbar i industri og fiskeri. På sjukeheimen og skulen krevst det utdanning for å få jobb. Nogva rosar 24-åringen for å starte thaigatekjøkken.

– Det er heilt fantastisk. Det er bra at det kjem folk med initiativ, seier Nogva.

Ninwali er i full gang med å lage ei karrigryte til eit ektepar frå Austlandet som har fritidsbustad på øya. Ho synest det er kjekt å snakke med kundane og føler at ho stadig vert flinkare i norsk.

– I starten var det vanskeleg å forstå ulike dialekter, men det går betre, seier Ninwali. Ho gløymer ikkje den aller første dagen då ho opna thaiboda. 24-åringen såg for seg at ingen ville komme, sidan tilbodet var heilt nytt. Ho tok feil. Det kom så mange kundar at ho gjekk tom for mat. Sidan den tid har det gått litt opp og ned med salet, men håpet er at hamna skal kry av turistar og tilreisande i sommar som blir freista av lukta av thaimat.

– Eg har lyst å bli lærar, men akkurat no tenkjer eg berre at eg skal lage god thaimat, seier Ninwali.

Ninwali Finnøy og kunde Trond Trondsen

Trond Trondsen er veldig glad i thaimat. Han bur på Austlandet til vanleg, men har fritidsbustad i Sandøy kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK