Great White Snowboard, Molde
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Snøbrettpionerane

Tre gutar frå Molde lagde dei første snøbretta i Europa. Det burde blitt eit norsk industrieventyr.

Oskar Dag Sylte jr. har stø kurs i kjellaren på brusfabrikken. Strakt forbi ein bruslastebil frå mellomkrigstida og ei rekke bruskjøleskap frå nyare tid. Han leiter etter 40 år gamle snøbrett.

– Det var her me heldt på! Det lukta så fælt da me begynte å støype polyester og glasfiber at me ikkje kunne gjere det heime lenger, fortel Sylte.

Heldigvis hadde faren hans ein brusfabrikk med god plass.

Oskar Dag Sylte jr

FABRIKKLAGER: Inst i ein lagerkrok finn Oskar Dag Sylte jr. tre stykk spraylakkerte kulturhistorie.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det starta med at kompisen vår fekk tak i eit tidleg snøbrett frå USA. Me hadde alle heldt på med litt surfing og vindsurfing, så me sette i gang å lage eigne snøbrett.

Å teste bretta var heller ikkje plankekøyring. For snøbrett var forbodne i dei fleste skianlegg.

Heldigvis hadde faren til Oskar Dag Sylte jr. også eit alpinanlegg.

Tre kameratar på rundt 16 år. Oppfinnsame. Gjennomføringskraft. Og med kontaktar i norsk næringsliv.

Det kunne ha blitt eit norsk industrieventyr. I ein sport som snart skulle ta fullstendig av.

Men i møte med skiprodusenten Madshus fekk gutane eit overraskande svar som framleis svir.

Oskar Sylte brusfabrikk Great White snowboard

KLAR FOR ALPINANLEGGET: Sylte bruser av spenning når han finn bretta. Han er klar for å prøve dei i bakken – for første gong på fleire tiår.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tom Sims og Jake Burton

Kanskje stod steinalderfolk og vikingar på brett på snøen. Men mest truleg sat dei på kjelkar og stod på ski. Det var det vanlege heilt fram til John F. Kennedy og The Beatles.

Så, i 1963 lagde sjuandeklassingen Tom Sims eit skibrett på sløyden i New Jersey. No kunne skataren og surfaren stå på brett heile året.

To år seinare batt ein amerikansk far og ingeniør to ski saman med eit styretau, i gåve til døtrene sine. Leiketøyet fekk namnet snurfer og blei sett i produksjon. Allereie det første året blei det selt ein halv million snurferar og arrangert meisterskap i «sporten».

Brett på snø trefte breitt.

I 1977 sette det 14 år gamle snurfer-talentet Jake Burton Carpenter ei vasski-binding på brettet sitt, og snart begynte han å selje sine eigne brett – både med og utan binding. Under namnet Burton.

Jake Burton Carpenter

BURTON: Jake Burton Carpenter på eit av sine tidlege brett, i Wrightwood, California.

Foto: James Cassimus

I 1983 blei det arrangert VM i snowboard for aller første gong. I halfpipe.

Vinnar?

Den same Tom Sims som lagde det aller første snøbrettet 20 år tidlegare. Få månader seinare var Sims stuntmann for Roger Moore under ei snowboard-scene i Bond-filmen «Med døden i sikte».

Snowboard i A View to a Kill

VESTENS REDNING: Den gode James Bond på snøbrett mot onde russarar på austeuropeiske ski.

Foto: A View To A Kill / United Artists Corporation

Snøbrettet var inne i populærkulturen.

Da hadde det allereie i fleire år vore aktivitet på den kombinerte brus- og snøbrett-fabrikken i Molde.

Sprengde bort auget

For til Molde postkontor kom det hausten 1981 ei pakke med eit av dei tidlege snøbretta til Jake Burton.

Den 16 år gamle Tor Bækkelund sprang ned og henta det. Han blei snart skuffa.

For brettentusiasten var langt frå imponert over sitt Burton Backhill.

– Det var berre ein treplanke med tau på, utan bindingar. Eg tenkte eg kunne lage betre brett sjølv, fortel Bækkelund.

I dag er moldensaren teknologi-gründer og leiar for oppstartsselskapet Startuplab. På nittitalet var han som president for Snowboardforbundet i stadige kampar mot Noregs Skiforbund.

Vinteren 1981 gjekk han i gang med å lage finerbrett i kjellaren heime. Snart blei kameraten Oskar Dag Sylte jr. med.

– Killer Boards kalla me dei første trebretta. Dei blei reine drapsmaskinene. Enormt tjukke og tunge. Hadde me køyrt på eit grantre hadde det garantert blitt kutta tvert av, seier Sylte.

Under ein prøvetur til Oppdal tryna Sylte og knakk sjølve brettet.

TESTING AV BRETT: Ein i kameratgjengen var ivrig med videokamera, og fekk festa pionerane på film. FOTO: RUNE HANSEN

Gutane skjønte dei måtte bruke andre materialar. Dei drog til småbåtfabrikken Silver Viking for å lære om polyester, glasfiber, epoksy og støyping. Sylte fortel om det slørete blikket til fleire av støyparane på fabrikken.

– Det var ikkje så nøye med innåndingsvern og slikt på den tida.

Sjølv var han heller ikkje ein kløppar på HMS. Som 13-åring hamna han på framsida av Se og Hør etter å prøva seg fram med kjemikaliar. Resultatet var at han sprengde bort det eine auget sitt, og fingeren til ein kamerat.

Men no hadde han lært. Lukta frå smelta glasfiber og polyester var ikkje noko for eit guterom. Dei tok i bruk brusfabrikken.

– Noreg var best i verda

Inst i kjellaren på brusfabrikken finn Sylte jr. gamle støypeformer. Ein rull med rennbelegg, kjøpt frå ein produsent av småfly som kunne lande på snø. Og han finn snøbrett i ulike tjukkleikar, spraya i sterke neonfargar. På fleire av bretta står bokstavane «GW». Det var varemerket til 16-åringane. «Great White Snowboards».

– Ser du denne er trippelkonkav! Og her er V-botn.

Snowboard 1982

V-BOTN: Sterke fargar var eit tidleg varemerke på snøbretta.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Oskar Dag Sylte jr. kan snakke i timevis om dei ulike modellane og produksjonen deira.

Vasskibindingar. Stålfinnar på sidene. Svalehale. Trekjerne for å auke svingferdigheitene til brettet. Finerstrimler. Skum for å lette vekta.

– Noreg var først og best i Europa, ja best i heile verda vil eg hevde, seier Rune Lundsør, direktør for Norsk Snowboardmuseum på Geilo.

For i Oslo produserte samtidig Anders Wittusen sine «White Rabbit» og «Utopia»-brett i kryssfiner, som han gjekk rundt og selde på sportsbutikkar i hovudstaden. På Nesodden blei det også laga nokre brett.

– Eg har sett brett frå andre land som blei laga på denne tida, og dei norske er betre laga enn sjølv Burton-bretta. Form, innsving, bindingar. Det var geniverk, laga ut av eige hovud! meiner Lundsør.

Snowboard Rabbit Wittusen

RABBIT: I Oslo lagde Anders Wittusen sine lekre brett på starten av 1980-talet.

Foto: Rune Lundsør / Epic Snowboardmuseum

Hockeykøller

Bretta i Molde blei betre og betre til meir gutane prøvde seg fram. Lettare og meir solide. Til slutt var gutane så nøgde at dei var klare for storskalaproduksjon. Frå norske skifabrikkar som Landsem og Splitkein kjøpte unggutane skipressemaskinar.

– Eg hugsar trailerar kom med maskinene og dei var grisestore. Altfor store for fabrikkjellaren, så dei blei ståande på utsida, fortel Tor Bækkelund.

Dei fann ein betre plan. Noreg var jo full av skiprodusentar, fulle av maskinar og kompetanse, men som sleit økonomisk.

Bækkelund hadde nett fått sertifikat, dei fekk lånt ein bil og køyrde til skifabrikken Madshus på Biri.

Ein 18-åring og to 17-åringar i møte med norsk skiindustri.

Oskar Sylte med gamle snowboard

35 ÅR SEINARE: I dag skal Sylte jr. ikkje på forretningsmøte med Madshus, men derimot prøve bretta i skianlegget Tusten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Oskar Dag Sylte jr. var særs optimistisk før møtet. Far hans var blitt ven med austerrikske Artur Doppelmayr, sjefen for den største produsenten av skiheisar i verda. På sine mange reiser til alpinanlegg i Japan, Amerika og i Europa, hadde Doppelmayr aldri sett slike snøbrett. Han hadde veldig trua på ideen.

Det hadde ikkje Madshus.

– Eg hugsar eg hadde jobba med å lage ein skikkeleg presentasjon, fortel Tor Bækkelund.

Han meiner å hugse noko frå innsalet sitt frå 1984: «Dette er eit produkt og ein marknad som kjem. Me får til dette med stålkantar og dette må dykk satse på!».

Madshus-sjefane nikka forsiktig. Men dei nikka ikkje nok.

– Me hadde rekna ut at me måtte selje 2000 brett i Europa for å gå i null, og det hadde ikkje Madshus trua på, fortel Sylte jr.

På midten av 1990-talet blei det selt mellom 40.000 og 45.000 brett årleg, berre i Noreg.

– Dei fortalde at dei heller ville satse på hockeykøller i glasfiber i den nordamerikanske marknaden. Det var total bom. Køllene knakk, hevdar Bækkelund.

Norsk nesten-industri

Det er januar 2021 og den framleis risikovillige Oskar Dag Sylte jr. køyrer skuter opp det bratte henget på Tusten, skianlegget i Molde. Det var her dei prøvde bretta for første gong. No skal han teste eit av dei for første gong på fleire tiår. NRK-fotografen sitt bakpå for å ta bilete. I ei mjuksnøgrop nær toppen veltar skuteren. Blitsen til fotografen blir knust.

Dei robuste bretta bakpå skuteren klarer seg.

Det gjorde ikkje den norske snøbrettproduksjonen.

Etter avslaget frå Madshus blei planane om masseproduksjon knust. Gutane blei spreidd rundt i Noreg, i militæret, på Handelshøgskulen og Norsk Teknisk Høgskule.

Dermed gjekk det norske snøbrettet inn i ei lang historie av norske nesten-eventyr innan industri.

Nemn eitt norsk produkt som folk kjøper rundt om i verda?

Det er ikkje så lett.

Sylte jr. på veg opp Tusten

TUSTEN: Sylte jr. krabber opp det siste bratthenget.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Døydde som fluger

I Noreg sel me råvarer som olje, gass, laks, torsk og vatn.

Sjølv om me har ei lang historie for nye teknologiske produkt som ei tid har vore best:

Mobiltelefonen til Simonsen.
Elbilane Think og Buddy.
Nettlesaren Opera.

Så kvifor ville det seg ikkje for norske produkt?

– Ja, det er eit spanande tema, seier konservator ved Teknisk Museum, Dag K. Andreassen.

– Simonsen var leiande innan mobiltelefon på starten av 1980-talet. Dei vog halvparten av konkurrentane og selskapet bygde fabrikk på Meldal i Trøndelag. Noreg var også langt framme i utviklinga av GSM-nettet. Likevel blei me feid av bana av Nokia og Ericsson da heile verda skulle ha mobiltelefon, seier Andreassen.

Han har ei forklaring på årsaka. Som også gjeld for elbilane. Og skifabrikkane.

– Noreg satsa ikkje nok på det. Den ofte brukte forklaringa er den enorme investeringa av pengar og ingeniørar (hjernekraft) i utviklinga av olje- og gassnæringa.

Noreg satsa på Nordsjøen. I Sverige og Finland hadde dei allereie globale konsern som Ericsson og Nokia. Snart masseproduserte storselskapa telefonar for eit par tusen kroner – ein tiandedel av fabrikken i Trøndelag.

– Det same gjaldt for Think og Buddy. Lenge var elbil eit nisjeprodukt for naturvernarar i Noreg. Så kom Peugeot og Mitsubishi og produserte elbilar som likna på vanlege bilar. Da var det ikkje lenger så aktuelt med ein tosetar i plast. Og med Tesla var det slutt på at elbil var for dei miljøbevisste, seier Andreassen.

For skiprodusentane gjaldt i tillegg det same som så mykje innan norsk idrett. Dei var konservative. Slik Noreg var ved skøyting på ski, glasfiber og V-stilen i hopp.

– Dei norske skifabrikkane heldt igjen for lenge på manuell handverksproduksjon. Åsnes-fabrikken hadde ikkje lenger råd å løne fabrikkarbeidarar i Sogn og Fjordane.

Dermed døydde dei mange norske skiprodusentane som fluger på 1980-talet.


– Madshus burde satsa

Den pensjonerte tekniske direktøren Gunnar Bjertnæs starta i Madshus i 1972 for å lage glasfiberski. Han hugsar at dei tidleg på åttitalet var i møte om produksjon av snowboard, utan at det blei noko av. Bjertnæs var da sentral i utviklinga av verdas første komposittkølle for ishockey.

Men det amerikanske kølleeventyret til Madshus blei ein økonomisk fiasko.

Madshus 1983 lav
Madshus 1984 lav
Madshus 1985 lav
Madshus 1985
Madshus 1986
Madshus 1988

Burde ikkje Noreg ha satsa på snowboard?

– Jo, og me lagde eit snowboard rundt 1987. Det såg ut som ein fisk. Me tenkte å produsere på den avvikla Landsem-fabrikken. Men så blei me kjøpt opp, fortel Bjertnæs.

I 1988 blei verdas eldste skifabrikk kjøpt av den amerikanske alpinskiprodusenten K2.

Snart starta K2 med produksjon av eigne brett.

Legenda frå Vinje


På slutten av 1980-talet eksploderte salet av brett. I Vinje i Telemark fekk unge Åshild Loftshus tak i eit Burton-brett. Ho skulle komme til å vinne 14 EM- og VM-medaljar.

Snøbrett VG 1988

JULA 1988: Det låg «fancy» fargar for «crazy» hopp under fleire norske juletre dette året.

Foto: Faksimile / VG


I 1988 var det snøbrettcamp på Bjorli, der blant anna den tidlege snøbrettproffen Jørgen Nøvik deltok. Han beskriv eit møte med ein 13 år gamal sambygding av Loftshus:

«Der møtte eg en skikkelig råner frå Telemark med hockeysveis og blå regnbuske som var sat sammen med knappenåler. Vi ble buddies med en gang og han het Terje».

Året etter blei 14 år gamle Terje Håkonsen oppdaga av Burton.

Terje Håkonsen blei Burton. Og både Håkonsen og Burton blei størst i verda.

Terje Håkonsen vinner VM-gull i Davos 1995.

THE LEGEND: Terje Håkonsen vinner VM-gull i Davos 1995. 

Foto: Geir Ericsson / Scan-Foto




Nedturen

Oskar Dag Sylte jr. har med hjelp fått retta opp snøskuteren. Me har kome oss opp nær toppen av skianlegget.

Tusten, Molde, snowboard, 1982.

TOPPEN: På Moldes tak, nær toppen av fjellet Tusten (705 moh.).

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sylte festar det mest robuste brettet, det svarte, til fjellklatrarskoa sine. Det knirkar i førti år gamle vasskibindingar. Skoa er dei same som for førti år sidan. På den tida fanst ikkje snowboardstøvlar. Fjellklatrarskoa blei valt fordi dei var faste i forma og grove under – viktig på ferda oppover.

No sett Sylte nedover.

Brettet fungerer framleis.

Det blir ein nostalgisk nedtur.

Tusten, Molde, snowboard, 1982. Oskar Dag Sylte jr.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Hei!

Har du noko du meiner me i NRK Møre og Romsdal bør sjå på?
Ta gjerne kontakt med tips! Om du kjedar deg kan du gjerne sjekke ut andre saker eg har skrive, slik som Kva skaper ein toppklubb?Den rette kongenrånestriden i Ørsta eller Snøbrettpionerane